KULTURMIDLAR: Eldegarden i Årdal er eit av kulturminna som får støtte av Kulturminnefondet. Foto: Arkiv. 
KULTURMIDLAR: Eldegarden i Årdal er eit av kulturminna som får støtte av Kulturminnefondet. Foto: Arkiv. 

Desse kulturminna får støtte 

- Når det er så mange private eigarar som vil setje i stand sine kulturminner, er det svært gledeleg, seier Simen Bjørgen i Kulturminnefondet. 

Lærdal/Årdal: Fem kulturminne i Lærdal og Årdal får støtte frå Norsk kulturminnefond i år. 

På tre år har søknadsmengda til Kulturminnefondet dobla seg, og innan fristen 1. november 2015 kom det inn 902 søknader om i alt 229 millioner kroner, fra heile landet. Over 70 millioner kroner vert delt ut til 451 prosjekter i 2016.

– Dei auka bevilgningane frå Stortinget betyr at me kan hjelpa fleire eigarar i gong med sine prosjekt, seier Bjørgen. 

Prosjekt dei vil satsa på

Kulturminnefondet har vedteke at det skal gi støtte til Øyragata 8 Lærdal på 130.000 kroner. Det var søkt om 250.000 kroner. 

I Lærdal vart det også søkt om støtte på 668.000 kroner til Ulvikbui, her blir det gitt 420.000 kroner. Husmannsplassen i Sande får 46.000 kroner, og søkte om 115.000. 

Årdal kommune søkte om 460.500 kroner til eit skifertak på hovudhuset i Eldegarden og fekk godkjent støtte på 30.000 kroner. Skiftertak på ein driftsbygning på Natvik gard fekk 400.000 i kulturmidlar, men søkte på 881.600 kroner. 

Fekk ikkje midlar

Det vart søkt om støtte på 887.517 kroner til Husum Hotell Lærdal, men dette fekk dei ikkje støtte til. Heller ikkje vart det gitt kulturmidlar til Smie i Lærdal, her vart det søkt om 300.000 kroner. 

Årdal kommunen søkte om midlar til eit eldre stølsfjøs i kommunen på 232.000 kroner, men fekk nei til det. Ein søknad om tilskot til bevaring av stabbur og eldhus vart også ikkje godkjent. 

Til toppen