DELTEK: Årdal Fotballklubb er eitt av laga frå 4. divisjon som skal ut i kvalikrundar i NM. Totalt åtte lag frå fylket deltar. Foto: Elin Hæreid (Arkiv).
DELTEK: Årdal Fotballklubb er eitt av laga frå 4. divisjon som skal ut i kvalikrundar i NM. Totalt åtte lag frå fylket deltar. Foto: Elin Hæreid (Arkiv). (Foto: Elin Hæreid / Arkiv)

Desse laga får delta i NM i år

Sogn og Fjordane får med åtte lag i NM i fotball for herrer denne sesongen. Sjekk om ditt lag for delta.

Fylket: Etter omlegginga av seriesystemet førre sesong, var det kanskje ikkje like sjølvsagt kven som skulle få delta i cupen frå Sogn og Fjordane denne sesongen – med unntak av laga på dei høgare nivået naturlegvis.

Totalt er det åtte lag frå fylket som får prøve seg, der tre av desse er direkte kvalifisert til 1. ordinære runde. Dette gjeld Sogndal, Florø og Førde.

Fjøra, som overlevde den gamle 3. divisjonen i fjor og skal spele i Regionligaen komande sesong, må ut i kvalifisering. Når det gjeld 4. divisjonslaga, er det fire lag frå fylket som skal gjennom kvalifiseringsrundar. Dette er Årdal, Skavøypoll, Stryn og Eid. 

Sportslege prestasjonar

Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, seier det er hovudsakleg fjorårets sportslege prestasjonar som ligg til grunn. 

– I fjor deltok 269 klubbar. Dersom ein hadde basert seg på kriteria frå 2016, ville over 300 lag vere kvalifisert. Det vil ikkje vere hensiktsmessig, så no endar ein opp på 260 lag i staden.

God økonomi i å vere med

For Sogn og Fjordane sin del utgjer ikkje dette den store forskjellen. Krinsen er ein av dei med færrast deltakande lag. Berre Finnmark har færre lag som deltar i årets NM, medan Telemark også har åtte lag. 

– Men så er me også blant dei minste i folketal. Det er 18 krinsar i Noreg, og vår krins er nummer 16 i folketal. Samstundes er ligg me som nummer 11 eller 12 når det gjeld aktivitetstal, så me har langt større aktivitet enn folketalet skulle tilseie. Det er positivt, legg Myklebust til.

Trass få deltakande lag, har lag frå fylket hevda seg godt. I fjor sende til dømes oskeladden Førde ut Brann av cupen. 

– Dei siste åra viser at det er ein del oskeladdar som kjem eit stykke. Dessutan er bra økonomiske betingelsar i å gå vidare, så det er grunn til å prioritere det. Ein får spennande lag på besøk, og det er litt prestisje. Cupen bør ein prioritere, meiner Myklebust.

På kvinnesida er det berre eitt lag frå Sogn og Fjordane som deltar. Det er Kaupanger. 

Til toppen