PENGAR: Leikanger Ungdomslag var blant søkjarane som fekk ein del av potten på ein halv million til lokale kulturbygg. Illustrasjonsfoto
PENGAR: Leikanger Ungdomslag var blant søkjarane som fekk ein del av potten på ein halv million til lokale kulturbygg. Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Desse lokale kulturbygga får pengar

Sjekk kva seks kulturbygg som fekk ein del av potten på ein halv million frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Sidan 2016 har Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda arbeidd i fellesskap for å løfte fram gode prosjekt og kulturbygg som satsar. Målet er engasjement rundt og auka aktivitetsnivået i dei lokale kulturbygga i Sogn og Fjordane går det fram av ei pressemelding.

Igangsetjar

Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjenner til behova for midlar til kulturbygg.

- Vi valde i år å setje av ein pott på 500 000 kr til kulturbygg, med søknadsfrist 15.april. Dette skapte stort engasjement, og denne gongen søkte 20 bygg om over 2,4 millionar kr. Vårt mål er at denne potten skal vere ein igangsetjar til spennande, allmennyttige prosjekt, og at enno fleire kulturbygg kjem i gang med å skrive søknader.

- For dei som ikkje får midlar i denne omgang, så kan ein søkje igjen ved ordinær søknadsfrist 1.september, samt «Forenkla søknad» om beløp inntil 10.000 kr .

Bygg som samlar ulike kulturaktivitetar blir prioritert

I Sogn og Fjordane er det over 400 organisasjonseigde kulturbygg. Desse bygga er viktige møteplassar med variert aktivitet. Guro Høyvik i Sogn og Fjordane fylkeskommune har over fleire år handsama søknader om «spelemidlar» til kulturbygg.

-«Spelemiddelordninga» er ei tilskotsordning til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg, og i Sogn og Fjordane vert ENØK-tiltak og bygg som samlar ulike kulturaktivitetar prioritert.

Fleirtalet av søknadane kjem frå mindre, lagseigde kulturbygg.

- Enorm innsats

«Huset i bygda» vart starta opp som eit pilotprosjekt av Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010, og rådgjevar for kulturbygg, Christoffer Knagenhjelm, fortel at dei arbeider med å gi hjelp og informasjon til kulturbygga.

-Eit av våre viktigaste mål, er å informere om ulike tilskotsordningar og moglegheiter for kulturbygga. Vi ynskjer at fleire bygg søkjer midlar, og får sett sine spennande planar for bygg og aktivitet ut i livet. Vi veit at eldsjelene bak kulturbygga gjer ein enorm innsats som har stor verdi for levande lokalsamfunn.

Han fortel at det i søknadsbunken låg mange gode prosjekt.

- Valet mellom søknadane var vanskeleg. Men vi prioriterte at om lag 2/3 av potten på 500 000 går til kulturbygg som ligg i posisjon til å få spelemidlar frå fylkeskommunen. Resten av midlane går til gode tiltak blant søkjarar som ikkje har søkt om spelemidlar, seier Knagenhjelm.

Han kan òg fortelje at det er stor variasjon i kva dei løyvde midlane går til. Her er det løyvd midlar til både renovering og restaurering av tak, renovering av kjøkken, elektrisk anlegg, tiltak for å sikre universell utforming og skifte og etterisolering av golv.

Desse seks bygga fekk midlar våren 2017:

  • Balestrand Bygdahus: Tildelt 240 000 kr
  • Øen Grendalag: Tildelt 100 000 kr
  • Leikanger Ungdomslag: Tildelt 50 000 kr
  • Berle Grendalag: Tildelt 40 000 kr
  • Reksta Ungdomslag: Tildelt 40 000 kr
  • A/L Skogly: Tildelt 30 000 kr

- Vi håpar at tildelinga til desse seks bygga vil setje i gang stort engasjement, dugnad og aktivitet rundt om i bygdene, avsluttar Knagenhjelm.

Til toppen