Foto: Jan Christian Jerving.
Foto: Jan Christian Jerving.

Desse løpa bør du få med deg til våren 

Til deg som likar å springe: Her er oversikta over ulike løp du kan melde deg på i det nye året - og alle blir arrangerte på Vestlandet!

Vettisløpet

Dato: 21. mai
Vettisløpet er for mange eit velkjent arrangement som pleier å bli arrangert i mai. Løpet startar under Skåri, og vidare går turen innover mot Vetti gard, der ein snur og spring tilbake att. Løypa er ni kilometer lang, og byr på norsk natur på sitt flottaste. Du som er aktiv løpar og som vil springe på tid, kan velje å stille i Aktiv-klassen. Det finst også ein trimklasse for den som vil ta turen i sitt eige tempo; anten ein vel å springe, jogge eller gå. Dei små kan delta i Mini-joggen! 

Tur til 1000

Dato: 26. august / 2. september
Turen til "1000-meteren" er eit motbakkeløp, og eit tilbod for alle: syklistar, løparar og mosjonistar. Løparar og mosjonistar startar på 400 moh., medan syklistane startar på torget i Øvre Årdal. Løypa er på 11,2 kilometer, og turen oppover byr på tøffe bakkar og svingar - men til gjengjeld ventar ei fantastisk utsikt på toppen!

Storehaugen opp

Dato: 25. mai 
Motbakkeløpet er eit tradisjonsrikt løp som finn stad i Lærdal på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag. Løypa er på 3,7 kilometer med ein gjennomsnittleg stigning på 25%, cirka 1000 meter - med andre ord ein skikkeleg syrefest. Løpet er populært, og løparar frå heile landet pleiar å strøyme til for å delta. Ein kan velje å melde seg i anten konkurranseklasse eller i mosjonistklasse utan tidtaking. På toppen ventar premiar, samt praktfull utsikt over Lærdal.

Wings for Life World Run

Dato: 7. mai
Dette er eit verdsomspennande løp som går av stabelen den 7. mai, og i Noreg blir det arrangert for fjerde år på rad i Stavanger. Inntektene går til forskning på ryggmargsskader, og alle som vil kan delta; alt fra topptrente atletar til rullestolbrukarar. Det er også populært å melde på lag! Du kan springe så langt som du sjølv vil, da dette løpet i staden for å ha den tradisjonelle mållinja som deltakarane spring MOT, heller har ei mållinje som deltakarane spring FRÅ. Ein bil jagar deg gjennom Stavanger, og når denne passerer deg er du ute av løpet. Dei tidlegare åra har namn som Aksel Lund Svindal og Else Kåss Furseth stilt som sjåførar av denne bilen - noko som på ein måte gjer det litt meir stas å bli forbipassert...

Fjordkraft Bergen City Marathon

Dato: 29. april
Løpet blir for sjette gong arrangert i hjartet av Bergen, og startskuddet går i flotte omgivelsar på Bryggen. Løpet går vidare gjennom Gamle Bergen, opp Fjellveien, rundt Store Lungegårdsvann og vidare mot Nordnes før du igjen når mål på Bryggen. Du kan velje å stille i heil- eller halvmarathon, 5 kilometer, eller kva med å melde på eit lag til stafett? For barna blir det arrangert eit to kilometer langt barneløp.

Knarvikmila

Dato: 1.-3. september

Er eitt av dei største mosjonsløpa i Norge, i fjor var det omlag åtte tusen deltakarar. Knarvikmila feirar i år 35-årsjubileum. Består i år av sju løp på tre dagar første til tredje desember. Det startar med Ungdomsmila og KnarviXtrem første dagen, YT-stafetten, 5-kilometeren og 10 kilometeren den andre og Naturmila, Knøttemila og halvmaraton den tredje.

 

Til toppen