LÆRDOM: Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen Region vest skal ta til seg innhaldet i rapporten frå Havarikommisjonen. Pressefoto: Knut Opeide
LÆRDOM: Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen Region vest skal ta til seg innhaldet i rapporten frå Havarikommisjonen. Pressefoto: Knut Opeide

Desse momenta bør utbetrast etter tunnelbrannen

Ein turistbuss begynte å brenne i Gudvangatunnelen 11. august 2015. Onsdag kom Statens havarikommisjon for transport (SHT) sin rapport etter hendinga. 

Aurland: Statens vegvesen har onsdag fått fleire tilrådingar på å trygge norske tunnelar mot brann. 

 – Vi er glade for ingen personar kom alvorleg til skade i brannen. Dette er ein god og grundig rapport som bidrar til at tunnelane våre skal bli endå tryggare, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen Region vest. 

Dette er lista

Havarikommisjonen kjem med fire tilrådingar i rapporten sin som er spesielt retta mot Vegvesenet:  

  • Etablera moglegheit for og anbefaling om tryggleikssjekk ved innkøyringa til utsette tunnelar.
  • Endra automatikken og sørga for at ventilasjonsstyringa ivaretek trafikantane sine moglegheiter for sjølvredning.
  • Gjennomgår og betrar utstyr og rutiner ved brann i tunnel. Herunder utvikling av teknologi for sanntidsinformasjon og instruksar for VTS som tilseier umiddelbar varsling av trafikantar ved brann.
  • Sørgjer for at Vegtrafikksentralane blir tilknytt Naudnett i tunnelar.

– Desse tilrådingane vil vi no arbeide vidare med. Fleire tiltak er allereie iverksett, seier Eidsnes 

Skal rustast opp for 445 millionar kroner

Regionvegsjefen er glad for at Havarikommisjonen peiker på at ei rekke av tiltaka etter den førre brannen i tunnelen i 2013 har fungert etter hensikta. Dette var med på å redusere omfang og konsekvensar av brannen i fjor.  

– Rutinar kan likevel bli betre. Brannen har gitt oss eit nytt sett med erfaringar som vi tek med oss og lærer av. Vi har gjort mykje og vi skal gjere meir, sier regionvegsjef Helge Eidsnes. 

Gudvangatunnelen skal no rustast opp for 445 millionar kroner. Arbeidet tek til allereie i august. Dette er ein del av Vegvesenet sitt tunnelutbetringsprogram der 200 norske tunnelar skal få oppgradert sikringsutstyr. Her er tiltaka for Gudvangatunnelen:

  • Sprengning av nisjer til nye tekniske bygg
  • Betongføringskant gjennom tunnelen
  • Ny belysning
  • Ny ventilasjon
  • Kamera og radardekning
  • Nye ledelys og nødstasjoner
  • Nye tekniske bygg, både inne i tunnelen og utenfor. Oppsamlingssystem for farlige væsker.
Til toppen