Årdal: Fredag opna dørene til den årlege loppemarknaden som elevar ved studiespesialiserande på Årdal vidaregåande skule arrangerer.
Og folk veit å gripa sjansen når skjulte skattar kan gravast fram og kjøpast for ein ganske rimeleg sum.
Då dørene opna fredag ettermiddag, stod folk allereie då i kø for å sleppe inn. Fremst i køen stod mellom anna Sonja Strupstad og May Lene Strupstad.
– Me ville vera tidleg ute for å sikra oss ein stol som me har sett oss ut på førehand, fortel Sonja.
Artikkelen held fram under biletet.

– Har de ambisjonar om å kjøpe noko anna?
– Ja, viss me finn noko fint, så er det fort det vert eit spontankjøp, smiler ho.
– Har alt mogleg
Ein skal ikkje seia at det var hysteriske tendensar, men det var tydeleg at folk hadde gjort førebuingane sine godt. Før minuttet var gått var første salet unnagjort. Fem minuttar seinare var loppemarknaden full av nysgjerrige folk på jakt etter ein skjult skatt.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det er heilt supert, det likar me, gliser Ingrid Aafedt Bukve og Camilla Semstrøm Nundal, som manøvrerer kortterminalen og har styr på pengane.
– Her er det alt mogleg, alt frå møblar, glas, servise, barneleiker, bøker og filmar, fortel Nundal.
Pengane går til skuletur
Pengane dei får inn skal dei bruke på skuletur til våren. Då skal klassen til Berlin, og på turen lærer dei mellom anna om kva som skjedde under 2. verdskrig. Etter fleire veker med førebuingar, er det godt å kome i gong.
– Målet vårt er 80.000 kroner. I fjor fekk dei inn over 100.000, men då var det vel rekord også. Me skal gjera vårt beste for å slå dei, seier Aafedt Bukve.