Sogndal: Eit fleirtal av nynorskkommunane tilbyr i dag norskopplæring på bokmål. Den statistikken kan vere i ferd med å snu. For i dag vart nyvinninga NorskPluss B2 presentert i Sogndal kulturhus.

– Vi har mangla eit læreverk på det høgste nivået i nynorsk, så dette har vore kjempeviktig å få på plass, seier forfattar Marie Aalen.
Det er ikkje tilfeldig at lanseringa var lagt til nettopp Sogndal. Norskopplæringa her har nemleg vore heilt sentrale i utarbeidinga av læreverket.
– Dei har prøvd ut materialet eg har laga, gitt meg gode tilbakemeldingar og også bidrege med tekstar som har blitt til eit eige kapittel i kurset. Så det har vore fantastisk å samarbeide med lærarane og elevane i Sogndal, seier Aalen.
Var skeptisk til nynorsk
Det nye er altså at framandspråklege elevar kan få norskopplæringa på nynorsk frå dei er nybyrjarar heilt til nivået som krevst for å kome inn på høgskular og universitet i Noreg.
Yvonne Nshimirimana har budd på Kaupanger i mange år. Likevel var ho skeptisk då ho fekk vite at gruppa hennar skulle gå over til nynorsk.
– Bokmål er det eg har lært. Eg trudde ikkje skulle greie det, seier ho.
Overgangen gjekk betre enn ho hadde trudd. Ikkje minst har det hjelpt å bli pusha på heimebane.
– Eg har ungar som snakkar nynorsk og dialekt kvar dag. Spesielt sonen min reagerer kraftig når eg snakkar bokmål. «Kjem du frå Oslo, eller?», brukar han å spørre. Men no prøver eg å snakke nynorsk, seier Nshimirimana.

– Viktig for nynorsken
Årdal er ein av kommunane som enno ikkje har teke spranget over til nynorsken. Men det kan skje så snart det nye skuleåret startar til hausten. Det er noko lærarane i vaksenopplæringa ser fram til, ikkje minst etter å ha sett kva dei har fått til i Sogndal.

– Dette ser veldig spanande ut. Me er alle glade i nynorsk i kommunen vår, så eg håpar alt ligg til rette for at me skal greie overgangen, seier Sissel Eldegard.
Dei trur fleire kommunar vil gjere det same, fordi det no finst eit tilbod òg for dei vidarekomne nynorskelevane.
– Det er veldig viktig for nynorsken at det har kome eit godt læreverk på plass. Det er alfa omega, seier Torhild Lindland.
Lærar Eli Tjørhom har vore ei av dei største pådrivarane i Sogndal og jobba tett med forfattaren gjennom utprøvinga. Ho har berre gode erfaringar og håpar fleire vil ta både kurset og nynorsken i bruk.
– Eg trur det er fullt mogleg for alle, seier ho.