PARTYMUSIKK: Med låter som Ingen er sånn som du, Nye jeans og Si Ja! har duoen Inntertier etablert seg innan det feststemte segmentet av popsjangeren. Foto: pressefoto.
PARTYMUSIKK: Med låter som Ingen er sånn som du, Nye jeans og Si Ja! har duoen Inntertier etablert seg innan det feststemte segmentet av popsjangeren. Foto: pressefoto.

Desse sjarmørane kjem på Jordeplerock

Medan Vassendgutane byr til fest, inviterer Innertier til party.

Lærdal: Arrangørane av Jordeplerock har offentleggjort namnet på nok ein artist. Frå før er det klart at Vassendgutane blir å sjå på scena i Lærdal i sommar. Med duoen Inntertier er det ei heilt anna og noko yngre målgruppe dei siktar etter.

– Det er nødvendig å ha eit popband inne i miksen vi presenterer. Det er viktig å ha varierte sjangrar og ein variert festival. Vi er veldig glade for at dei vil komme til oss, seier Torgeir Skjerdal i Jordeplerock.

Les også: – Endeleg kjem dei til Jordeplerock

Inntertier kan plasserast i kategorien partypop, litt i same gate som hurragutten Staysman, viss det namnet seier deg noko. Sjølv om Vassendgutane nok har større appell hos det breie laget av festivalpublikumet, er duoen stigande stjerner på den norske pophimmelen.

– Alle låtane deira er superstore hits. Tek du ein kjapp tur inn på Spotify-listene så ser du at dei har blitt strøyma millionar av gongar. Dei var blant dei i største popartistane i Norge i 2016, seier Skjerdal.

Med andre ord har arrangørane fått ein god start på artistsleppet. Skjerdal seier dei vil vente eit par veker før dei offentleggjer dei neste namna.

– Vi er ikkje heilt ferdige med lineupen enno. Men det blir veldig bra, lover han.

Til toppen