NY ARBEIDSPLASS: Sju personar har søkt på stillinga som rådmann i Årdal kommune og vil rådhuset som sin nye arbeidsplass. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY ARBEIDSPLASS: Sju personar har søkt på stillinga som rådmann i Årdal kommune og vil rådhuset som sin nye arbeidsplass. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Desse sju har søkt på stillinga som rådmann

Søndag gjekk søknadsfristen på stillinga som rådmann i Årdal kommune ut, og no er namna på søkjarane offentleggjort.

Tysdag skriv Årdal kommune på si heimeside at det har vore sju søkjarar på stillinga som rådmann i Årdal kommune.

På heimesida listar dei opp seks av namna. Den siste ønskte ikkje å ha namnet offentleg. 

Sett vekk frå denne personen, er det fem menn menn som søkjer på stillinga og berre ei kvinne. Ein av dei er busett i Årdal kommune.

I slutten av september blei det klart at noverande rådmann Frank Westad hadde sagt opp stillinga si som rådmann i kommunen. 

Årsaka er at han skal flytta til Stavanger og bli sambuar. 

– Eg har trivdes veldig godt og hatt eit strålande samarbeid med ordførar. Det er vemodig for eg treivst veldig godt både som privatperson og tilsett i kommunen. Hadde det ikkje vore for ei vakker kvinne, hadde eg blitt her, sa han til Porten.no då.

Det betyr at kommunen måtte på jakt etter ein ny rådmann, og seks av dei sju som har søkt på jobben er følgjande:

Ingvard Haug (60), Vidar Roseth (55), Kjetil Skjeie (51), Olve Johan Fossedal (61), Svein Arve Grindhaug (60) og Åse-Iren Korneliussen (55).

Til toppen