TODAGARSFEST: I kveld brakar det laus på Bakeriet i Øvre Årdal når den 21. utgåva av Påskerock vert arrangert. Terje Svori har mekka saman årets program og lovar at det blir topp påskestemning to dagar til ende. Foto: Camilla Skjær Brugrand
TODAGARSFEST: I kveld brakar det laus på Bakeriet i Øvre Årdal når den 21. utgåva av Påskerock vert arrangert. Terje Svori har mekka saman årets program og lovar at det blir topp påskestemning to dagar til ende. Foto: Camilla Skjær Brugrand (Foto: Arkiv)

Desse skal rocka påska i gong

I år er det 20 år sidan fyrste gong Påskerock braka laus mellom dei høge fjella i Årdal. 

Årdal: – Me bur mellom store fjell. På eit tidspunkt hadde vell eit behov for å markera oss, seier Gaute Johnsaagrd. 

Han er i full gong med oppvarminga til årets Påskerock på øvingslokala til Hugin Musikkforum på Svalheim.

Fem band kvar kveld

Det beste av musikken som er produsert i Årdal skal i kveld og torsdag få utfolda seg i det nye konsertlokale på Bakeriet i Øvre Årdal.

– Me skal fylla todagarsfesten med lokale band. Det vert ein fin miks av nye prosjekt og gamle band, seier Terje Svori, leiar i Hugin Musikkforum. 

Onsdag kveld opnar bandet Scotland Rock, deretter kjem Crowd, som vert etterfulgt det nystarta prosjektet David Jones-Bowie tribute. 

– Sistnemnde er ein hyllest til David Bowie som gjekk vekk tidlegare i år. Han var ein viktig musikar som har betydd mykje for musikkbransjen og mange i Årdal, seier Svori. 

Seinare på kvelden skal Nilch Nothing Nada og Essential Santana, opptre, i den rekkjefølgja. 

Torsdag startar gruppa 4 på Rad, deretter skal den plateaktuelle Ketil Thorbjørnsen på, etterfulgt av LORT og Stuv, før System avsluttar Påskerock 2016. 

Buss til og frå

Påskerock vart for fyrste gong arrangert i 1996 av Kjell Otto Fodnes og Øyvind Lægreid som ein mimrekveld for musikk laga på 1960- og 70-talet. Arne Natvik var sjef på arrangørsida. 

– Dei fyrste åra vart Påskerock berre arrangert ein dag, men seinare har minifestivalen blitt utvida til to dagar. Namnet Påskerock kom fyrst i 1997 og på det tidspunktet hadde det lokale musikkarrangementet blitt tradisjon, seier Svori. 

Billettane går unna, og Svori opplyser om at det "berre" er plass til 400 menneske på Bakeriet.  

– Påskerock er eit dugnadsprosjekt for oss i Hugin Musikkforum. Det er inntektene frå dette arrangementet som held straum i øvingslokala og vatn i springen, seier Svori. 

I tillegg til billettsalet, kjem også grasrotandelen godt med. Både Årdal Energi og Årdalsnett har vore ei god støtte for Hugin dei siste tre åra. 

– Me har sett opp buss frå Seimsdalen og inn til Øvre både før konserten og etter. Desverre har me ikkje fått sett opp bussar til nabobygdene, seier Svori.  

Alle får lov å spela

Filosofien til Hugin Musikkforum er at alle som vil spela under Påskerock, skal få lov til nettopp det. 

– Det fyrste bandet som meldte seg allereie i mai. Scotland Rocks har jubileum i år og ville derfor sikra seg plass under Påskerocken. Me prøver å henta inn gamle band som passar inn i settinga og finna nye prosjekt som virkar spennande og interessante. System, til dømes, er ein gjeng med 17- og 18-åringar som har vore med heilt sidan 2013, seier Svori. 

Påskerock har flytta til att og fram mellom Øvre og Tangen. For to år sidan vart Påskerock arrangert på Tangen, men etter at Bakeriet vart pussa opp i fjor, har arrangementet flytta tilbake. 

– Me tilbyr noko for ein kvar smak. Kvart band skal spela mellom 40 og 50 minutt. Påskerock er ein sosial arena der alle utflytte og gjenverande årdøler kan treffast igjen. Påska for oss byrjar fyrst på fredags kvelden, avsluttar Svori.

Til toppen