ETTER PLANEN: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) vart begge samrøystes vald inn i dei nye posisjonane. Foto: Ina Eirin Eliassen
ETTER PLANEN: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) vart begge samrøystes vald inn i dei nye posisjonane. Foto: Ina Eirin Eliassen

Desse skal styre Lærdal i dei fire komande åra

Fire år med støv var pussa bort frå røysteurna, til torsdagens konstituering av det nye kommunestyret for perioden 2015 til 2019. 

Og då dei fleste korta alt var lagt valnatta til 14. september og i tida etter, var det formelle valet av ny ordførar, varaordførar, formannskap, kontrollutval og valnemd fort unnagjort torsdag kveld. 

Gro Starheimsæter (Sp) kom med framlegg om at både Jan Geir Solheim (Sp) var vald til ordførar og at Trond Øyen Einemo (H) var vald til varaordførar. Det vart samrøystes vedteken av det nye kommunestyret.

NYTTA SJANSEN: Jan Geir Solheim (Sp) nytta høvet til å røyste på seg sjølv som ordførar, utan å vera ugild.
NYTTA SJANSEN: Jan Geir Solheim (Sp) nytta høvet til å røyste på seg sjølv som ordførar, utan å vera ugild.

Gler seg til å ta fatt

Solheim fortel han gler seg til å ta fatt på fire nye år, og håpar denne perioden blir fri for store katastrofale hendingar der det er godt å leve og bu i Lærdal. 

– Eg sett stor pris på eit samrøystes resultat, det er ikkje automatikk i at det blir slik. Eg ønsker å vera ein ordførar for alle i Lærdal, ikkje berre drive Sp-politikk. Det føler eg at eg har vore bevisst på også i denne perioden, seier han.

Solheim fortel han sett pris på ein valkamp der det vore respekt og god oppførsel mellom kandidatane, sjølv om dei står for forskjellige verdiar og er ueinige om saker. Det er ein god ballast han tykkjer det er godt å ha med seg vidare. 

– Her skal alle kome til orde med sine meiningar og eg vil me skal jobbe som eit lag, slik me har jobba i den perioden me no har bak oss, seier Solheim.  

Det nye formannskapet

Og valurna vart ikkje nytta til anna enn til det skriftlege valet av det nye formannskapet.

FORMANNSKAPET 2015 - 2019: Då det ikkje vart gjort rettingar på listene kom toppkandidatane på listene inn i det nye formannskapet, som no består av varaordførar Trond Øyen Einemo (H) (f.v), ordførar Jan Geir Solheim (Sp), Gunn Beate Sjøthun (Sp), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap).

Etter framlegg frå Trond Øyen Einemo (H) om forholdstalval, vart det lagt fram tre lister. Senterparti-lista, som fekk åtte røyster. Samarbeidslista mellom Høgre og Venstre, som har inngått eit valteknisk samarbeid, fekk 3 røyster. Medan samarbeidslista mellom Arbeidarpartiet og Sosialistisk Vensteparti, som også har eit valteknisk samarbeid, fekk 6 røyster.

Dermed fekk Sp to representantar i formannskapet, Ap/SV fekk to representantar og den siste plassen gjekk til H/V. 

– BRUK OSS: Oppmoda rådmann Alf Olsen jr. dei nye folkevald om.
– BRUK OSS: Oppmoda rådmann Alf Olsen jr. dei nye folkevald om.

Vil bygga vidare på tilliten

Rådmann Alf Olsen jr. nytta høvet til å invitere dei folkevalde til å bruke administrasjonen, der eit spørsmål for mykje  er lurt og betre enn å ta dei direkte i dei møta det gjeld. 

– Drivkrafta er at me ønker det beste for innbyggarane. Me kan gi faglege råd som de kan støtta dykk på. Det har vore tøft i periodar, men i denne perioden har det vakse fram tillit mellom administrasjonen og politikarar. Det håpar eg me kan bygga vidare på. Eg ønsker de i kommunestyret er bevisste på arbeidsgivarrolla med kring 300 tilsette i kommunen. Det handlar om korleis me snakkar til og om kvarandre. Eg ønsker det skjer på ein positiv og kontruktiv måte, seier Olsen jr. 

Kommunestyret, kontrollutval og valnemnd

Det nye kommunestyret er på totalt 16 representantar, var klart alt valnatta til 14. september. Sp fekk åtte representantar, Ap fekk fem representantar, H fekk to, medan V og Sv fekk inn ein kandidat kvar.

Etter møte mellom gruppeleiarane la Kåre Mentz Lysne (Ap) fram kandidatane til kontrollutvalet og til valnemda, som begge vart samrøystes vedteken. (Namna finn du i faktaboksen)

Første formannskapsmøte og kommunestyret er 26. november. Før den tid skal dei folkevalde gjennom ein politisk arbeidsdag for å sette seg inn i mellom anna  budsjett, økonomiplan og tenesteområde i kommunen. I tillegg skal dei ha to dagar med med opplæring gjennom KS sitt folkevaldprogram. 

NY PLASSERING: Ap og Sv har fått bakerste benk, H rykka ein plass fram og delar benk med V. Sp måtte også ha to representantar på midtre benk, då dei ikkje lenger klarar seg med berre fremste benk.
NY PLASSERING: Ap og Sv har fått bakerste benk, H rykka ein plass fram og delar benk med V. Sp måtte også ha to representantar på midtre benk, då dei ikkje lenger klarar seg med berre fremste benk.

Til toppen