Ekebergsletta: Gruppesigeren vart sikra i dag etter uavgjort 2-2 mot Ørsta etter ein tett og dramatisk kamp. Sogndal køyrte hardt ut i første omgang, men i motvinden fekk dei i staden to mål i fleisen. Etter pausen holdt laget fram dominansen og fekk uttelling i form av to frisparkmål av Helena Træland Navarsete og Amalie Sjøvoll Hauglund.
I den intense avslutninga greidde jentene å halde hovudet kaldt og sikra dermed puljesigeren for tredje år på rad i turneringa.
Laget er dermed vidare til 16-delsfinalen, som blir spelt torsdag morgon klokka 8.
Også J14-laget til Sogndal er vidare til A-sluttspelet. I dag vann dei 2-1 mot Andebu IL og sikra puljesigeren med sju poeng.
Klubben har òg to G14-lag med i turneringa, eitt med svarte og eitt med kvite drakter. Det kvite laget må spele B-finale etter å ha hamna på nestsisteplass i gruppa. I tre jamne kampar hadde dei ikkje heilt marginane med seg og dermed stoppa det på eitt poeng.
Dei svarte hadde sjansen til avansement, men tapte i kveld den siste gruppespelskampen 0-5 mot spanske Arguineguin CD. Dermed blir det B-sluttspel på dei òg.