KAN FÅ HOVUDKONTOR: Felles legevakt i Vik, Leikanger, Luster og Sogndal, med hovudkontor i Sogndal, kan verte resultatet av nye og skjerpa krav frå myndigheitene til den kommunale legevaktordninga.
KAN FÅ HOVUDKONTOR: Felles legevakt i Vik, Leikanger, Luster og Sogndal, med hovudkontor i Sogndal, kan verte resultatet av nye og skjerpa krav frå myndigheitene til den kommunale legevaktordninga. (Foto: Arkiv)

Desse sognekommunane vurderer felles legevakt

Skjerpa krav frå myndigheitene vil gjere det naudsynt for fleire kommunar å samarbeide om legevakta. For innbyggjarane kan det bety betre kvalitet, men òg lengre avstandar til akutt hjelp.

I Sogn vurderer no Vik, Leikanger, Luster og Sogndal å samarbeide om ei felles legevaktordning. Utkasta til løysingar ligg snart klare og vil kome opp til politisk handsaming i løpet av hausten. 

Kommunane Aurland, Årdal og Lærdal har sidan februar i fjor hatt felles legevakt ved Lærdal sjukehus.

KJEM TIL HAUSTEN: Rådmann Jostein Aanestad seier administrasjonen i dei fire kommunane snart vil leggje fram ulike forslag til løysingar som politikarane skal ta stilling til.
KJEM TIL HAUSTEN: Rådmann Jostein Aanestad seier administrasjonen i dei fire kommunane snart vil leggje fram ulike forslag til løysingar som politikarane skal ta stilling til.

Bakgrunnen er at den nasjonale akuttmedisinforskrifta har blitt skjerpa inn og stiller større krav til mellom anna organiseringa av den kommunale legevaktordninga. Det nye regelverket vart vedteke allereie i 2014, men vil bli gradvis fasa inn i åra som kjem.

Les også: Difor er ventetida på legetime så lang

For små kommunar kan det bli vanskeleg å møte krava åleine, ikkje berre økonomisk. 

– Med fleire kommunar bak ei legevaktordning, så har du fleire legar å spele på. Då blir det lettare å etablere bakvaktordningar og andre ordningar som gir god stabilitet og mindre press på kvar enkelt lege, forklarer rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Slit med høge vikarutgifter

Han seier det er for tidleg å seie kva dei konkrete forslaga går ut på, ei heller kva konsekvensar det vil få for innbyggjarane. Men det er ikkje til å komme vekk frå at større vaktdistrikt vil bety større geografiske avstandar.

Samstundes slit mange kommunar allereie i dag med stor utskifting blant legane og store utgifter til vikarar. Det kan presse fram nye måtar å tenkje på.  

– Hovudutfordringa med små vaktdistrikt, til dømes Vik, er at det er få legar som skal dekke ei vaktordning som går 24/7. Det gir stor vaktbelastning på kvar enkelt lege. Alternativet er å kjøpe vikarar for å dekke inn hola i vaktplanen. Det betyr stor utskiftning og innbyggjarane vil heile tida møte nye legar. Samarbeid vil gje ei ordning som vil vere trygg og stabil over tid, seier Aanestad.

Til toppen