SPREKT: Paret frå Troms tykte det var ein har, men fin trimtur.
SPREKT: Paret frå Troms tykte det var ein har, men fin trimtur. (CAMPUS MEDIA)

Desse spreke pensjonistane reiste langt for å delta i Smili-løpet

Alder har ingenting å seia for desse to.

Sogndal: Eva og Ove kjem heilt fra Balsfjord i Troms. Dottera deira, som bur i Sogndal, meldte dei på løpet.  

– Me syntest det var kjempemorosamt at ho meldte oss på. Så me pakka med oss gode sko og treningsklede, seier dei. 

Smili er eit løp på 10 km. Løypa byrjar i parken, i sentrum av Sogndal, og sluttar på same stad. 

– Me blei gode og varme. Det var ein hard, men fin trimtur. Me trudde ikkje at me kom til å jogge, men det vart litt av det også, seier Eva.

– Løypa var veldig fint opplagt. Litt stigning til å byrja med då var me i best form, og så blei det slett og fint på slutten. Då var me litt slitne, seier Ove.

Tek ofte turen frå Balsfjord til Sogndal

Paret var veldig aktive i sine yngre dagar. Då var dei med på både ski- og springekonkurransar, orienteringsløp og fotball. Men no som dei har byrja å koma opp i åra, har det blitt litt mindre av dette. 

– No er me mest kulturelt aktive. Me driv med gitar og opplesing for ungar og vaksne.

Ove og Eva har besøkt Sogndal heilt sidan den eldste dottera deira flytta dit, oftast to gongar i året. 

Dei er veldig imponert over uteområdet. Paret plar ofte å gå små turar gjennom sentrum medan dei nyt naturen. 

– Sentrum av Sogndal er heilt supert. Spesielt no, sidan det er Frivilligdagen. Det var veldig spanande med musikk, mat og liv og røre.

Til toppen