Styret: Bak frå venstre: Åse Beate Olsen, Erling Offerdal, Endre Offerdal, Oddgeir Otterdal. Framme frå venstre: Harald Thune, Ivar Anders Seim, Margot Strøm, Oskar Seim.  Foto: Kaja Nygård 
Styret: Bak frå venstre: Åse Beate Olsen, Erling Offerdal, Endre Offerdal, Oddgeir Otterdal. Framme frå venstre: Harald Thune, Ivar Anders Seim, Margot Strøm, Oskar Seim.  Foto: Kaja Nygård 

Desse styrer med god dugnadsånd

Foreininga Indre Ofredals Vener har no danna styre. 

Ofredalen: Måndag var det styremøte i Indre Ofredal. Styret i foreininga Indre Ofredals vener, samla seg for å diskutere planane framover. Det var ei god stemning på møte, og det er ikkje tvil om at denne gjengen ynskjer å få liv att i husa «ne`for sjø`n»

– Me har no blitt ei foreining. Hadde det vore ei stifting, så måtte me ha hatt eigarskapet på heile området. Slik som me har gjort det no, kan Årdal kommune framleis vera eigarar og me kan få bruksretten, seier Leiar Harald Thune.

Han fortel vidare at dei skal gå inn i ein avtale med Årdal kommune om å få bruksretten, slik at dei kan bruke og drifte alle bygga.

Dugnadsånd

Det er gjort mykje godt arbeid, men det står likevel igjen ein god del. Det tek mange år før alt er heilt ferdig. Thune fortel at det første dei byrja med var å rydde uteområde. Dei har sikra ein del bygningar og er nesten ferdig med hovudhuset.

–  Me skal setje i stand hovudhuset så det blir klart til bruk i sommar. Der skal det drivast kafé og overnatting, fortel Thune ivrig.

Artikkelen held fram under biletet. 

STASELEG HUS: Her er hovudhuset, der det i sommar skal vere kafedrift.
STASELEG HUS: Her er hovudhuset, der det i sommar skal vere kafedrift.

 – Det første me skal prioritere er kaiane, seier han.

Dette har dei allereie fått midlar til. Thune fortel at dei har reve toppdekke på kaiane, for å vere sikre på at desse kunne gjerast noko med. Dei skal ha ein dykkar som skal ned å sjå kva som må ordnast.

Sidan mai har det vore ein gjeng på rundt 20-25 personar som har drive dugnad.

Les også: http://www.porten.no/artikler/kultur/sla-ring-om-ofredalen

– Eg og styret takkar alle som har delteke på dugnad, seier Thune.

Han har sjølv lagt ned mange timars arbeid, og er ein av eldsjelene.

INDRE OFREDAL: – Eg synes det er veldig flott her, har vore her mykje og likar meg  veldig godt, seier Thune avslutningsvis.
INDRE OFREDAL: – Eg synes det er veldig flott her, har vore her mykje og likar meg  veldig godt, seier Thune avslutningsvis.

 

 

Til toppen