TIL MÅLROCK: Årets festival får ei pangopning med Marcus og Martinus. Dei to skal spele onsdag. Foto: Max Emanuelson.
TIL MÅLROCK: Årets festival får ei pangopning med Marcus og Martinus. Dei to skal spele onsdag. Foto: Max Emanuelson.

Desse tenåringsidola kjem til Målrock

Dei har smelta mangt eit pikehjarte og kan nærast kallast Noregs svar på Justin Bieber. I august får Målrock ein pangstart når Marcus og Martinus opnar festivalen.

Årdal: Tvillingparet er blitt ein skikkeleg hit og er svært populære hjå den yngre garde. Marcus og Martinus skal spele onsdag og får dermed æra av å opne årets festival.

I utgangspunktet var det planlagt eit arrangement på Svalheim gard denne dagen, men då sjansen baud seg, kunne ikkje Målrock-leiinga seie nei.

– Me vart samde om å gjere det. Dette var for bra til å gi slepp på det. Me har ikkje heilt landa korleis me skal løyse det, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim. 

GOD STEMNING: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim har sett tvillingparet live og kjem med mange lovord. Arkiv
GOD STEMNING: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim har sett tvillingparet live og kjem med mange lovord. Arkiv

«Mini-Målrock»

I fjor vart festivalen utvida med ein friluftsdel, der onsdagen inneheldt ein tur i fjellet og vart avslutta med intimkonsert på Svalheim gard. Fredheim seier dei reknar med det blir tur likevel. Ho er svært nøgd med at dei har landa to artistar som appellerer til dei yngste.

– Eg såg dei live før jul då dei spelte i kulturhuset på Hamar, og det var frykteleg god stemning og masse folk. Det var veldig moro, og dei er skikkeleg bra live. Det er moro å kunne gi eit tilbod til dei i den aldersgruppa, seier festivalsjefen, som ikkje trur dette blir ei årleg greie med ein «Mini-Målrock». 

Marcus og Martinus kjem frå Trofors i Nordland og slo gjennom med låta «To dråper vann» som 10-åringar i 2012. I februar 2015 gav dei ut sitt debutalbum, og om lag samtlege konsertar i 2016 er utselde. To gonger selde dei ut Oslo Spektrum. 

Henning Kvitnes kjem

Men det er ikkje berre musikk for dei yngste som vert slept denne gongen. Målrock fortel også at «Hver gang vi møtes»-aktuelle Henning Kvitnes returnerer til bygda også.

– Ja, det er jo heilt i andre enden av aldersskalaen. Eg trur det blir veldig artig. Han har vore her før med Jonas Fjeld og Kvarts i 2011. 

Denne gongen har han med seg Claudia Scott. Scott er ein mangeårig ven og samarbeidspartner av Kvitnes, og dei to har stått på scena saman ei rekke gonger, sist i 2013. 

Til toppen