Luster: – Eg kjøpte huset fordi eg hadde veldig lyst til å eiga og ikkje leiga, seier Anne Lene Sygna Halleråker.
Ho er tannlege og eigar av tannklinikken. Ho er opprinneleg frå Sande i Sunnfjord, men kjærleiken lokka ho til Sogn.

– No bur eg på Hafslo med mann og to born, og trivast godt etter at me etablerte oss her.
Den nye tannklinikken er stilfull med fine fargar og topp moderne utstyr. På veggen heng det bilete teke av mannen hennar.
– Han har vore med i prosessen han òg. Eg kjøpte bygget i 2016, og sidan då har eg planlagt og styrt på, seier ho.
Journalisten i tannlegestolen
I nytt lokale gjorde eg, som journalist, det ein kvar nyfiken person på ny tannklinikk ville gjort. Eg sette meg i tannlegestolen for å få ein liten sjekk.

Stolen blei senka bakover og tannlege Halleråker pirka i tennene mine. Ikkje det eg tykkjer mest om, men la gå. Eg var redd for dommen.
– Du har litt tannstein, sa ho.
Eg sukka litt, vel vitande om akkurat dét, men blei jamvel letta. Ikkje hol, ikkje endå i alle fall. Det gjekk bra, og tannlegestolen var ikkje så aller verst den heller.
Avhengig av å ha nok pasientar
No har Luster både ein privat og ein offentleg tannklinikk.
– Den offentlege, Gaupne tannklinikk, tek i mot både vaksne, eldre og skuleborn. Eg tek berre i mot betalande vaksne pasientar, seier Halleråker.

Som privat tannklinikk er Halleråker avhengig av å ha nok pasientar.
– Heldigvis har det vore god pågang. Lustringane er støttande, og positive til dette tilbodet. Førebels har eg nok å gjera, men eg håpar det kjem fleire pasientar etterkvart, seier ho og smilar.
Håpar på fleire behandlarar
Med seg på laget har ho Monica Beate Svendsøy. Ho har jobba på den offentlege tannklinikken som tannhelsesekretær i 25 år, men no styrar ho skuta saman med Halleråker.
– Eg er takksam for å få jobba her, sjølv om eg treivst på den andre klinikken òg. Men no fekk eg sjansen til å prøva noko nytt, så då gjorde eg det, seier Svendsøy.
Hallerøy er òg nøgd med det.
– Eg er glad for å ha Monica med meg, og på sikt er det plass til fleire her. Det er fem rom til saman, så eg håpar me kan få fleire behandlarar her etterkvart.