TIL NM: Kåre Kvamsdal og Robert Hæreid er klare for NM i bridge som vert spelt i Kristiansand i september. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TIL NM: Kåre Kvamsdal og Robert Hæreid er klare for NM i bridge som vert spelt i Kristiansand i september. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Desse to er klare for NM i bridge

Kåre Kvamsdal og Robert Hæreid gjekk heilt til topps i KM. Det betyr at årdølene skal delta i NM i september.

Årdal: Etter å ha kvalifisert seg frå sonemeisterskap var dei eit av 32 par som konkurrerte i krinsmeisterskapen. Der gjekk duoen frå Årdal heilt til topps og er dermed klare for NM Par-finale i Kristiansand til hausten.

Det er ikkje første gongen dei to skal delta i NM. Dei seinare åra er det nettopp Kvamsdal og Hæreid som stort sett har kvalifisert seg til finalen. 

– Dette er den tredje noregsmeisterskapen me spelar saman. Det blir mitt femte då eg har kvalifisert meg saman med bror min eit par gonger, seier Kvamsdal.

Mykje historie

Bridge er eit kortspel for fire spelarar, der to og to spelar som par. Samtlege 52 kort vert brukt, og alle korta vert delt ut til kvar spelar. I sin enklaste form er spelet veldig likt amerikanar.

Tidlegare var bridge-klubben i Årdal ein av landets største. Med tida har talet på spelarar minka. Ein peridoe var dei nede i tre-fire bord, men no byrjar det å ta seg opp. Dei to fortel at det er spesielt ungdommen som er vanskeleg å rekruttere.

– Det er berre data, veit du, men me får håpa dei spelar bridge der, ler Hæreid. 

Øvre halvdel

Utan om ein 10. plass for brødrene Kvamsdal, har det ikkje vore dei beste plasseringane å vise til NM. Difor er det alltid noko å strekke seg etter.

– Målet er å gjera det best mogleg, men over middels er me nøgde med. Det er mange gode spelarar, seier Kvamsdal. 

– Dersom ein har rette dagen, kan ein gjere et godt sjølv om ein ikkje er best.

Godt lagspel

I bridge er det viktig med god kjemi og dynamikk mellom spelarane. Det er ikkje lov å prata.

– Lagspelet oss mellom fungerer bra. Det ligg i namnet på spelet at det er brubygging, og det er alltid om å gjera å få mest stikk. Det ligg mykje i korleis du melder, forklarar Kvamsdal.

– Ja, det er ikkje lov å snakka, men det du melder er det same som du seier. Det du melder betyr noko. Du kan til dømes melda at du ikkje har hjarte, så det er viktig med eit mest mogleg utbygd system og lite mistforståingar, legg Hæreid til.

God kjensle å vinne

Det samarbeidet fungerte tydelegvis godt under KM. Men korleis kjennest det eigentleg å vinna i bridge? Er det som å score eit mål i fotball eller er ein roleg og beherska slik sjakkspelarane er?

– Eg har ofte eit «yes» inni meg sjølv om han ikkje kjem ut. Ein kan ikkje sitja ved bordet og jubla. Ein skal oppføra seg og vera ein gentleman så langt ein klarar, fortel Hæreid.

– Og ofte er det slik at du veit kor du ligg an på resultatlista, så alt kjem ikkje ut på ein gong som når du scorar eit mål i fotball. Men det er ei god kjensle å vinne NM. Det skal bli kjekt å spele NM og møte dei beste, seier Kvamsdal. 

Til toppen