KLAR FOR NM: Guro Sønnerheim og Olav Gram Cock skal representere Hydro Årdal under Yrkes-NM i Bergen til hausten. Foto: Sogn Opplæringskontor.
KLAR FOR NM: Guro Sønnerheim og Olav Gram Cock skal representere Hydro Årdal under Yrkes-NM i Bergen til hausten. Foto: Sogn Opplæringskontor.

Desse to er klare for Yrkes-NM​

Skal representere Hydro Årdal under NM i Bergen til hausten.

Årdal: Guro Sønnerheim frå Aurland og Olav Gram Cock frå Lærdal skal representere Hydro Årdal i NM i yrkesfag i oktober. 

– Eg synest det er kjempeflott. Eg var nede på skulen og snakka med dei i dag om prosessen og korleis det hadde vore. Det er veldig positivt. Dette viser at me jobbar godt med lærlingane. Dei er ein viktig ressurs for oss. Dei som tek fagbrev er gode operatørar. Det er strålande innsats, og eg er kjempekry, seier fabrikksjef Wenche Eldegard. 

STOLT: Fabrikksjef Wenche Eldegard er veldig kry over bragden til dei to lærlingane.
STOLT: Fabrikksjef Wenche Eldegard er veldig kry over bragden til dei to lærlingane.

– Dette syner at ein samarbeidar godt i Årdal. Det er slik ein må jobbe med skule, Hydro og opplæringskontor. Det er ein veldig god modell å byggja vidare på. Det er dette ein godt døme på.

Fire lag som går vidare

Dei to deltok saman med to andre lærlingar frå Hydro på ei kvalifisering på Strømmen vidaregåande skule før helga. Etter som så mange som ni lag hadde meldt seg på, måtte det ein kvalifiseringskonkurranse til for å kunne kåre dei fire laga som skal få delta i Yrkes-NM i Bergen til hausten.

Sønnerheim og Gram Cock er begge lærlingar gjennom Sogn Opplæringskontor. Anne Kauppi, som er dagleg leiar her, fortel stolt om bragden.

– Me har prøvd å få med lærlingar kvar gong. I 2012 hadde me med vår første innanfor industrimekanikarfaget, og det same i 2014. Då spurte eg om dei ville vera med, medan i år berre melde eg dei på og gav beskjed. Hadde eg spurt dei, hadde dei sikkert sagt nei, smiler Kauppi.

BRA NIVÅ: Anne Kauppi ved Sogn Opplæringskontor fortel om eit høgt nivå på kvaliken.
BRA NIVÅ: Anne Kauppi ved Sogn Opplæringskontor fortel om eit høgt nivå på kvaliken.

Høgt nivå

No kan dei to altså bli noregsmeisterar. I så fall får dei sjansen til å delta i EM i desember. Kauppi fortel om eit høgt nivå på konkurransen torsdag og fredag.

– Det var fire ulike oppgåver, og han som var dommar, er internasjonal dommar, så det var høg kvalitet på oppgåvene og utstyret. Han har faktisk blitt nummer to i VM, så han veit kva det inneberer.

Det var altså to lag med som representerte Hydro Årdal, der det eine paret gjekk vidare. Ekstra spesielt er det at Sønnerheim og Gram Cock er begge lærlingar medan NM pågår. Dei andre er nyutdanna. 

LÆRERIKT: Dei to lærlingane løyste dei fire oppgåvene og lærte mykje nytt.
LÆRERIKT: Dei to lærlingane løyste dei fire oppgåvene og lærte mykje nytt.

– No er dei så nære som dei kan vere. Det er berre tre andre par som står i vegen for dei, seier Kauppi ivrig.

Lærerikt

Sjølve kvalifiseringa bestod av fire oppgåver som skulle løysast på tid. Her fekk dei først fem minutt til å lese oppgåva, deretter 45 minutt til å skru og fikle. Når tida var ute, måtte dei sleppe alt dei hadde i hendene, litt som kokkekonkurransane ein ser på fjernsyn. 

– Her må dei jobbe saman, og dei lærte utruleg mykje, også dei som ikkje klarte å kvalifisere seg.

Til toppen