Lærdal: Arbeidarpartiet og SV i Lærdal har tysdag kveld forhandla om eit politisk samarbeid dei neste fire åra. Dei to partia opplyser i ei pressemelding at dei er samde om eit utkast til ei politisk plattform, som dei skal jobba vidare med dei neste dagane.

Desse to er samde om å dela makta i Lærdal
Audun Mo (Ap) vert ny ordførar i Lærdal, medan Jan Olav Fretland (SV) vert varaordførar.
Dei er óg samde om at Audun Mo frå Arbeidarpartiet vert den nye ordføraren, medan Jan Olav Fretland frå SV tek vervet som varaordførar.