Årdalstangen: – Blautt er vel eit dekkande ord, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim når ho blir bedt om å oppsummere årets Målrock.

Trass i at vêrgudane ikkje heilt ville spele på lag, har publikum strøyma til som aldri før. Godt og vel 8500 menneske har vore innom festivalen totalt. Det er ny rekord. Rundt 7000 var innom i fjor.
– Gårsdagen var ein suksess og så hadde me onsdagen med Marcus og Martinus som verkeleg trakk opp, fortel Clausen Fredheim.
Les også: – Eg har aldri sett slik natur før
Les også: Her står dei og ventar på idola sine
Det siste er inga overdriving. Dei to tenåringsidola frå Noreg sette Meieriparken på Tangen fullstendig på hovudet på opningsdagen. Over 3500 hylande fans var innom konserten, dei fleste godt under vanleg Målrock-alder.
– Det er fantistisk moro at det kjem så mykje folk og at me kan treffa fleire aldersgrupper enn vi har gjort før, seier festivalsjefen.
Suksessen har gjeve meirsmak. Målrock ønskjer å satse vidare på konsertar med appell til dei yngre på opningsdagen.
– Men det er ikkje så mange artistar i same sjanger og klasse som dei to me hadde i år. Så det blir ikkje lett å få til, seier Clausen Fredheim.
