TIL MÅLROCK: Øystein Greni med sitt soloprosjekt (t.v., foto: Øystein Risø) og Thomas Dybdahl (pressefoto)
TIL MÅLROCK: Øystein Greni med sitt soloprosjekt (t.v., foto: Øystein Risø) og Thomas Dybdahl (pressefoto)

Desse to kjem til Målrock denne sommaren

To svært kjende stemmer i norsk pop og rock det siste tiåret vitjar Meieriparken kvar sin dag 

Årdal: – Det er moro å få på plass desse. Greni står på hovudscena laurdag. Det er altså Øystein Greni, tidlegare kjent som frontfigur Big Bang, no med soloprosjekt. Men det blir nok ein del materiale frå Big Bang. Den ferske plata hans har fått gode terningkast, så dette blir nok eit høgdepunkt laurdag, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen.

Medan Big Bang og Øystein Greni er kjend for meir rocka musikk, har Thomas Dybdahl først og fremst ei svært sart, karakteristisk stemme.

– Han er jo ein velkjent artist i Noreg og har drive på i mange år. Dybdahl opnar banllet fredag. Dette er ei vanvittig flott stemme kombinert med eit svært godt band, seier Norheim Moen.

Har att å sleppa torsdagen og Under Skåri

Med det er Målrock-programmet i Meieriparken fredag og laurdag spikra.

Men Norheim Moen lovar at han har fleire godbitar på lager.  

– Det meste er på plass no, men det blir veldi spennande med torsdagen, der me kjem til å sleppa alle banda samstundes etter kvart. Og me har att Skåri. Men i snakkande stund er me så og seia ferdig booka. 

Til toppen