OPTIMIST: Samarbeid om jus og helse er dei to områda ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal trur det er mest å henta for dei tre nabokommunane.
OPTIMIST: Samarbeid om jus og helse er dei to områda ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal trur det er mest å henta for dei tre nabokommunane. (Foto: Snorre Sandemose)

Desse to tinga gler ordføraren seg til å samarbeida med naboane om

Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, trur Årdal, Lærdal og Aurland har mykje å henta på å samarbeida om jus og helse, ikkje minst økonomisk.

Lærdal: Måndag skreiv ordførarane i Lærdal, Aurland og Årdal under ein avtale med lovnader om utvida samarbeid i framtida.

Ordføraren i Lærdal trur dei tre sognekommunane har mykje å henta på å samla troppane, særleg innan jus og helse.

– Me har mange juridiske vurderingar som må gjerast i kommunane. Når det kjem til juridisk kompetanse, so slit me alle tre. Men eg trur at me saman kan rekruttera den kompetansen, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, til Porten.no. 

SØKTE JURIDISK RÅDGJEVING: På Lærdal sitt formannskapsstyremøte den 25. januar i år ynskte fleirtalet å avvisa ei klage. Men Kåre Mentz Lysne (nærast) fekk medhald i å senda saka til juridisk rådgjeving fyrst. Det kosta dyrt.  Bilde: Snorre Sandemose

Seinast denne månaden laut Lærdal kommune bla opp i dyre dommar for ekstern juridisk bistand i samband med ei klagesak etter ei tomtetildeling. Det var ei klage rådmannen rådde til å avvisa, noko formannskapet ikkje våga utan å søkja juridisk råd fyrst.

Den eksternt innhyrte juridiske fagpersonen rådde so frå å ta omsyn til klaga, slik rådmannen alt hadde gjort.

På det fylgjande formannskapsmøtet uttrykte Trond Einemo (H) at tinginga av juristoppdraget hadde vore sløsing med 20 000 kroner. Annike Vanberg (SV) repliserte då at Lærdal treng å knyta til seg juskompetanse, slik at ein ikkje lyt betala so mykje kvar bidige gong ein ynskjer å ha juridiske råd å stø seg på.  

Og no ynskjer altso Solheim at dei tre kommunane i fellesskap kan tilsetja ein slik jurist. 

Solheim om mogleg helseplan: «Vinn-vinn»

Ein annan ting lærdalsordføraren har store forventningar til, er planen om å knyta til seg eit felles forråd av vikarar innan helse-, pleie- og omsorgssektoren. 

Å finna vikarar i helsesektoren er ei utfordring i kommunane. Årdal kommune har til dømes brukt store summar på å hyra inn tilsette utanfrå gjennom vikarbyrå.  

Solheim meiner dei tre kommunane i fellesskap har eit «fantastisk godt høve» til å skapa permanente, nye arbeidsplassar innan helsesektoren. 

– I staden for å leiga inn frå dyre vikarbyrå, so kan me oppretta stillingane kommunalt. Ikkje berre er vikarbyråa dyre, me går også glipp av skatteintekter når me hyrar eksternt, so dette vil vera vinn-vinn, seier Solheim.  

Kåre Mentz Lysne samd med Solheim, kallar det «i pose og sekk»

Arbeidarparti-representanten Kåre Mentz Lysne ifrå Lærdal var ein av dei som tok opp mogleg samarbeid innan helse på det felles formannskapsmøtet. 

– Dersom me hadde fått på plass ei felles vikardrift, so hadde me tent mykje på det, både i kvalitet og i kroner og øyre, sa han frå talarstolen. 

Etter møtet fortalde Lysne til Porten.no at dette førebels berre er ein idé, og at det gjeld å ikkje verta for konkret på dette tidspunktet. Likevel seier han: 

HÅPAR PÅ MYKJE SAMARBEID: Kåre Mentz Lysne (AP) meiner lista over ting dei tre kommunane kan samarbeida om er nærast uuttømmeleg. Til liks med ordførar Jan Geir Solheim, held han fram samarbeid innan helse som noko han har store forventningar til.  Bilde:Snorre Sandemose

– Om me alle tre kommunane laga vårt eige litle vikarbyrå, so ville me brukt dei internt og skapt nye arbeidsplassar og samtidig dekt vikarbehovet. Då kunne me fått i pose og sekk, seier Lysne. 

Han seier at det især kostar dyrt å hyra inn sjukepleiarar og andre vikarar innan pleie og omsorg gjennom bemanningsbyrå. 

– Heller enn å henta vikarar frå utlandet med vikarbyrå som underbetaler arbeidarane, kan me setja av ressursane til å få fleire til å bu i Indre Sogn, seier Lysne. 

Han legg til at det vil koma utfordringar når ein skal gå i detaljar, men at han håpar det vert mogleg å få til ei fungerande ordning. 

Elles legg han til at lista over ting han trur kommunane kan samarbeida om nærast er «uuttømmeleg». Han nemner plan og bygg, brannvesen, barnevern og pedagogisk-psykologisk teneste som døme på ting han tykkjer alle tre kommunane burde samarbeida om. 

Til toppen