MÅ KUTTE: Ei av oppgåvene til den nye tannhelsedirektøren vert å leggje ned omlag ein tredel av tannhelseklinikkane i fylket. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
MÅ KUTTE: Ei av oppgåvene til den nye tannhelsedirektøren vert å leggje ned omlag ein tredel av tannhelseklinikkane i fylket. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Desse tre vil bli tannhelsedirektørar

Tre damer ønskjer å ta over tenesta som dei neste to åra skal gjere dramatiske kutt.

Leikanger: Clara Øberg frå Sogndal har vore assisterande direktør for tannhelsetenesta sidan 2011, men er fungerande tannhelsedirektør fram til ein ny person, eventuelt ho sjølv, blir fast tilsett i stillinga.

HEIT KANDIDAT: Clara Øberg, konstituert i tannhelsedirektør, er ein av søkjarane til den faste stillinga.
HEIT KANDIDAT: Clara Øberg, konstituert i tannhelsedirektør, er ein av søkjarane til den faste stillinga.

Dei to andre kandidatane er Maryna Vakulenko frå Tromsø og Renate Friedrich frå Sørbøvåg i Hyllestad.

Den nye direktøren vil overta ei teneste i drastisk endring. I juni vedtok fylkestinget å leggje ned 10 av 28 tannhelseklinikkar i fylket, mellom anna i Balestrand og Leikanger. Avviklinga skal skje innan 2019.

Til toppen