BYR PÅ DANS: Berit (f. v) og Anna Einemo Frøysland under innspelinga av filmen "Spindelvev" i Lærdalsdalen i fjor sommar. Filmen har fått mykje merksemd både på festivalar og kortfilmfestivalar. Foto: Stig Indrebø
BYR PÅ DANS: Berit (f. v) og Anna Einemo Frøysland under innspelinga av filmen "Spindelvev" i Lærdalsdalen i fjor sommar. Filmen har fått mykje merksemd både på festivalar og kortfilmfestivalar. Foto: Stig Indrebø

Desse tvillingane vil gi heimbyda ei annleis oppleving

Dansestudentane Berit og Anna Frøysland Einemo (22) frå Lærdal har no i fleire veker jobba intensivt fram mot forestillinga "Ingen utan". I tillegg skal dei halda dansekurs for ungar.  

Berit og Anna Frøysland Einemo nyttar tida godt på sommarferie heime på Borgund i Lærdal. Til dagleg går Berit på ballettakademiet i Stockholm, medan Anna er på kunsthøgskulen i Oslo, på linja for moderne- og samtidsdans.

Dei er på ingen måte ferske i faget, då dei starta med dans frå dei var kring 10 år. Springbrettet inn i den moderne danseverda fekk dei då dei gjekk Spin Off i Oslo, som er eit forstudium for dei som siktar seg inn mot å jobbe profesjonelt med dans. 

– Kvifor vil de no halde danseforestilling i Lærdal? 

– Me har ikkje dansa så mykje heime. Me fekk ideen om at me ville arrrangere noko som er berre for Lærdal. Det handlar både om å auka interessa for dans og om å bidra til kulturtilbodet her heime, fortel Berit. 

Artikkelen held fram under biletet

DANSEKUNST: Berit Einemo Frøysland under stykket "Forever ago" med koreografi av Eytan Sivak. 
DANSEKUNST: Berit Einemo Frøysland under stykket "Forever ago" med koreografi av Eytan Sivak. 

Går ukonvensjonelle vegar

Forestillinga som går i Lærdal kulturhus laurdag 4. juli og søndag 5. juli har dei laga sjølv med støtte frå Østfold Energi. 

– Me prøvar å gå ukonvensjonelle vegar og har laga ei forestilling som er berre for dei som møter opp. I forestillinga eksperimenterer me oss fram med forskjellig røyrslemateriale i samtidsdans, noko som har sitt utspring frå ballett, fortel Berit, som har god tru på at det både blir ei annleis og magisk oppleving.  

Likevel er det viktigaste fokuset for tvillingane er å spreie bodskapen om tilbodet, slik at folk i det minste eit val om å bli med eller ikkje. 

Du kan sikre seg bilett ved å bestille på froysart@gmail.com eller kjøpe i døra.

Artikkelen held fram under biletet

MODERNE DANS: Anna Einemo Frøysland under stykket "Some kind of presentation" med koreografi av Yaniv Cohen 
MODERNE DANS: Anna Einemo Frøysland under stykket "Some kind of presentation" med koreografi av Yaniv Cohen 

Skal rista laus med ungane

Men før den tid held Berit og Anna sommarkurs for ungar i samfunnshuset på Borgund. Det skjer no måndag og tysdag, 29. og 30. juni. Dei har sendt ut informasjon til skulene om gratiskurset, som dei har fått støtte frå Gåveinstituttet i Indre Sogn Sparebank til å gjennomføre. 

Grunnen til at dei no arrangerer eit dansekurs i allsidig dans, er at dei sjølv sakna eit breiare tilbod då dei vaks opp. Berit fortel at kurset handlar om å dansa og riste laus på kroppen til musikk. Det skal rett å slett vera moro.

– Me ville sjå om det var interesse for noko slikt. Det er det verkeleg. Me har fått mange tilbakemeldingar frå både ungar og foreldre, men me har framleis plass til fleire. Eg trur det kan bli spennande for dei som kjem, fortel ho. 

Til toppen