SOMMARFERIE: Ut juli månad er det fleire vegprosjekt i fylket som tek ferie, medan nokre held det gåande i sommarvarmen.
SOMMARFERIE: Ut juli månad er det fleire vegprosjekt i fylket som tek ferie, medan nokre held det gåande i sommarvarmen. (Bilde: )

Desse vegprosjekta tek sommarferie

Ut juli månad er det fleire vegprosjekt i fylket som tek ferie, medan nokre held det gåande i sommarvarmen.

Sogn: I veke 28, 29 og 30 (10.-30. juli) tek fleire vegarbeidsprosjekt i Sogn og Fjordane ferie.

Det blir stogg i tunneloppgraderinga og fri ferdsle både gjennom Høyangertunnelen på fylkesveg 55 og gjennom Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland.

På E39 mellom Bjørset og Skei blir det pause i vegbygginga, men nokre strekk av denne vegen vil vera lysregulerte gjennom ferien.

Mellom Fardal og Ylvisåker blir det eit avbrekk i arbeidet med ny gang- og sykkelveg langs riksveg 55.

På Berge, riksveg 5 mellom Frudalstunnelen og Bergstunnelen tek dei ikkje sommarferie, men frå og med 12. juli vert det fri ferdsle i to felt forbi arbeidsstaden.

– Nokre stadar kan det vera redusert fartsgrense. Dette er på grunn av at vegen/tunnelen ikkje er i normal stand, eller er innsnevra som følgje av arbeidet. Det er viktig at ein følgjer skiltinga på staden, skriv Vegvesenet i pressemeldinga.

Til toppen