KORT LISTE: Nye Sogndal fekk inn ni søknader til rådmannsjobben. Tre av kandidatane har trekt seg.
KORT LISTE: Nye Sogndal fekk inn ni søknader til rådmannsjobben. Tre av kandidatane har trekt seg. (Foto: Arkiv)

Desse vil bli rådmann i nye Sogndal

Seks aktuelle kandidatar kjempar om stillinga.

Sogndal: Ei kvinne og fem menn er aktuelle som rådmann i nye Sogndal kommune. Ytterlegare tre søkarar har vald å trekkja seg.

På lista over søkjarar er:

  • Geir Jøsendal - juridisk rågjevar/universitetslektor frå Midtre Gauldal
  • Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring frå Leikanger
  • Oddbjørn Ese, rådmann i Vik
  • Einar Ronæs, partnar/seniorrådgjevar frå Voss

To søkarar, ei kvinne og ein mann, har bedt om at namna deira ikkje blir offentleggjorde. Dette har tilsetjingsnemnda gått med på, sidan offentleglova opnar for at leiarar som søker seg vekk frå organisjonar i omstilling skal få vera anonyme.

Til toppen