GRANSKING: Kontrollutvalet i Sogndal innstiller på at Arbeidsmiljøspesialistene skal få oppdraget med å granske Sogn barnevern, fortel leiar Arnt Hovland Munthe (H). 
GRANSKING: Kontrollutvalet i Sogndal innstiller på at Arbeidsmiljøspesialistene skal få oppdraget med å granske Sogn barnevern, fortel leiar Arnt Hovland Munthe (H).  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Desse vil kontrollutvalet ha til å granske barnevernet

Kontrollutvalet i Sogndal innstiller på at Arbeidsmiljøspesialistene skal få oppdraget med å granske Sogn barnevern.

Sogndal: Det var tre tilbydarar som ønskte å ta på seg oppdraget, der Advokatfirmaet Eurojuris og Stamina Helse AS var dei to andre. Kontrollutvalet innstiller på at Arbeidsmiljøspesialistene får jobben. Prislappen er 400.000 kroner – minst.

– Prisen har ikkje vore det viktigaste og er berre vekta 30 prosent i anbodet. Gjennomføringa, altså tidsaspektet er vekta 20 prosent, medan kvalitet er vekta 50 prosent, fortel leiar for kontrollutvalet Arnt Hovland Munthe (H).

Den endelege avgjerda er det derimot eit utval beståande av ordførar Jarle Aarvoll (Ap), varaordførar Laura Kvamme (Sp) og Karin Vikane (H) som skal gjere. Den kjem truleg tysdag.

Ganske like på pris

Arbeidsmiljøspesialistene var det rimelegaste alternativet. Det dyraste ville ha kosta 600.000 kroner, men Munthe trur dette er minimumsprisar.

– Det er ikkje store forskjellen på timesprisane, så det er omfanget som til slutt vil avgjere sluttkostnaden. I alle tilboda ligg det inne eit atterhald om at vegen blir til medan ein går. Eg ser føre meg at det blir noko tidsbruk i tillegg som vil auke kostnader, seier han. 

Kommunestyret i Sogndal, som har gitt oppdraget, er klare på at det ikkje skal stå på pengar no når ein skal gå i gang med ekstern gransking av Sogn barnevern, slik mange har etterlyst. 

– Så det er litt tilfeldig at de landa på det rimelegaste?

– Ja, me kan velje fritt ut frå dei kriteria som ligg i utlysinga. Vår innstilling er basert på at me tykte Arbeidsmiljøspesialistene hadde best oppfatning av det som var våre kravspesifikasjonar, men det er ikkje sikkert dei blir den rimelegaste, svarar leiaren for kontrollutvalet.

Sluttrapporten kjem i mai

Når utvalet endeleg bestemmer seg, truleg i løpet av dagen, vert tilbydarane opplyst om avgjerda. Då ventar ei tid der dei som ikkje fekk oppdraget kan klage på vedtaket. Går alt som det skal her, vil ein kunne starte arbeidet om to-tre veker.

Fristen for å vera ferdig med granskinga er sett til 20. mai. Tanken er då å presentere rapporten for formannskapet og kommunestyret som har møte i juni.

– Det ser ut til at dei (Arbeidsmiljøspesialistene journ. anm.) oppfattar det som realistisk og klarar å få det på plass til dess. 

Til toppen