Destinasjonsstruktur og «sengepartnarar» i reiselivsnæringane – eit «Visit Sogn og Fjordane»?
meiningar
meiningar

Destinasjonsstruktur og «sengepartnarar» i reiselivsnæringane – eit «Visit Sogn og Fjordane»?

Les kommentaren av Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Avisa Firda skriv laurdag 24. oktober at Sunnfjord Næringsutvikling slit med å finne samarbeidspartnarar for reiselivssatsinga. Dei er ikkje åleine, og i utgangspunktet bør det vere kommunane og dei involverte bransjane som bør finne løysingane. Som ein av dei som er med og legg til rette årlege tilskot til arbeidet destinasjonsselskapa gjer, dristar eg meg likevel til å komme med nokre synspunkt.

EI SLAGKRAFTIG EINING:
– Det er på tide å tenkje «Visit Sogn og Fjordane», skriv Jan Heggheim, fylkresdirektør for næring i fylkeskommunen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Reiselivsnæringane får mykje merksemd fordi det er ein genial måte å få pengar inn i det lokale produksjonssystemet. Menneske på reise har mange ulike behov, og lokalt næringsliv har glede av det: Grovt sett kan vi seie at ei krone brukt til overnatting og servering gir tre kroner i andre bransjar, i alle fall med landbasert reiseliv som utgangspunkt. For at alt blir lagt til rette slik at denne verdiskapinga kan oppstå, treng vi lokale koordinerande ledd på tvers av kommunegrenser. Dette gjeld marknadsføring av området, tilrettelegging av innhald på nettportalar. Tilrettelegging av produktelement, koordinering av kommunal og fylkeskommunal innsats er andre område. Vi treng altså destinasjonsselskapa. Dei har eksistert i ei eller anna form i snart 100 år, og reiselivsnæringane har lang tradisjon i å forstå at dei tener meir pengar ved samarbeid.

I Nordfjord har Reisemål Stryn og Nordfjord eksistert frå midten av 90-talet utan avbrot og er dermed mellom dei eldste på Vestlandet utanom Bergen. I Sogn arbeider det nyskipa Visit Sognefjord med å finne si form, det erstatta i si tid åtte andre reiselivslag eller selskap. Både Nordfjord og Sogn har hatt planar om partnarskap med andre regionar. Dette har vore med ei forståing av at einingane truleg er for små til at spesialistane får blomstre. Begge har opplevd at planane ikkje vart realiserte. Kompetansen i destinasjonsselskapa er høg, og der er mykje truleg at dei tilsette ikkje får gjere det dei er utdanna til, men blir verande «allroundarar».

Og det er kjernen: Dersom selskapa var store nok til å ha eit interessant fagmiljø, kunne dei tilsette vere nettopp dyktige spesialistar. Dette handlar slik eg vurderer det ikkje om storleik åleine, men om tilstrekkeleg godt fagmiljø. Rammevilkåra blir tyngre i takt med redusert offentleg handlefridom, jamfør kommune- og fylkesøkonomi. Det gjeld å handle medan styringsfarten er der.

Det er på tide å tenkje «Visit Sogn og Fjordane». Ein føresetnad er at aktørane godtek at der finst to operasjonelle einingar der grunnlaget er best: I Sogndal og i Stryn. Så har kysten sine eigne utfordringar som gjer det rett å ha ei operativ eining også i Florø. Slik meiner vi at 10-12 fast tilsette kunne vorte ei slagkraftig eining i arbeidet med å utvikle friluftsfylket til eit endå meir interessant reisemål. Dette føreset at kommunane er med, fylkeskommunen har signalisert vilje gjennom positive vedtak i alle år. 

Til toppen