SESONGSKIFTE: Miriam Cecilie Øren fortel at det er dette fjellet i Årdal som ein best kan sjå dei vakre haustfargane på.
SESONGSKIFTE: Miriam Cecilie Øren fortel at det er dette fjellet i Årdal som ein best kan sjå dei vakre haustfargane på. (Foto: Miriam Cecilie Øren)

VEKAS FOTO

– Det beste kameraet du har, er det du har med deg

Vekas foto har Miriam Cecilie Øren frå Årdal teke med mobilen.

Årdal: – Det er dette som er litt gøy med å gå tur; å gå å sjå seg rundt etter ting å ta bilete av, fortel hobbyfotograf, Miriam Cecilie Øren.

Ho hadde nettopp vore på moloen i Årdal, og på veg tilbake oppdaga ho sølepytten som reflekterte fjellet.

Korleis fekk du ideen til dette motivet?

– Det er slik at når du tek bilete av ein refleksjon, så blir motivet som blir reflektert, feil veg. Når ein snur biletet, rotar ein litt med hjernen til mottakaren, slik at dei lurer litt på kva dei ser på, forklarar Øren.

Ein årelang hobby

Årdølen tek mykje bileter. Mest av natur og folk.

– Det er en hobby. Det blir ein del natur og folk. Eg har nokre tanteungar, og eg tek ein del bilete av dei til å ha på veggen og slikt.

Interessa for foto byrja i 2007 då ho ønskte seg eit speglreflekskamera til jul. No er det mest mobilen som er i bruk.

– Det var litt moro då eg fekk speilrefleks og kunne ta skikkelige bilete, men det beste kameraet du har, er det du har med deg. Og i dag er det mobilen, fortel Øren. 

Refleksjonen i vekas foto er sikkert kjend for mange i Årdal. Øren forklarar at det er Skarpenor og vegen opp til Blåberggruvene ein ser.

– Det er på dette fjellet ein best kan sjå haustfargane. Eg er nettopp flytta tilbake til Årdal, og det er éin ting eg set veldig pris på då eg kom tilbake; det å få med seg alle fargane i hausten. Slik er det ikkje i byen, fortel Øren.

Fram til nyleg budde ho i Bergen. Før det, i Oslo.

– Det som er så fint her, er at ein får naturen så nær innpå seg, avsluttar ho.

Til toppen