FØLG MED: På grunn av sterk vind og snøvêr er det fare for at det vil bli innført kolonnkøyring over Hemsedalsfjellet. Foto: arkiv.
FØLG MED: På grunn av sterk vind og snøvêr er det fare for at det vil bli innført kolonnkøyring over Hemsedalsfjellet. Foto: arkiv.

Det bles friskt i fjellet – her kan det bli ventetid

Statens vegvesen vurderer å innføre kolonnekøyring på fleire overgangar.

Lærdal: På Hemsedalsfjellet vart det i dag tidleg meld om liten kuling og snøbyger, samt fare for enkelte glatte parti på strekninga. Samstundes åtvara Statens vegvesen om at kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

Kolonnekøyring kan òg blir innført fjellovergangen mellom Hol og Aurland. Der blas det liten kuling i morgontimane. 

På Filefjell er det noko rolegare. Der vart det i dag tidleg meld om snø- og isdekke på vegen, nokre stadar redusert sikt. Kvart på fem var det minus ni grader, frisk bris og snøbyger.

Mellom Tyin og Årdal er det òg meld om frisk bris og snøvêr.

I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at Hemsedalsfjellet er stengt for køyretøy over 7,5 tonn. Det er ikkje rett, den stenginga gjaldt Hardangervidda.

Til toppen