KOLOSS: Renault Koleos har vært tilgjengelig på andre markeder en liten stund, sent på høsten er den klar for Norge.
KOLOSS: Renault Koleos har vært tilgjengelig på andre markeder en liten stund, sent på høsten er den klar for Norge. (Bilde: Produsenten)

Det blir ein SUV-haust

Bilkundane elskar biltypen, og bilprodusentane pumpar ut nye modellar.

Om lag 30 prosent av dei nye bilane som er registrert i den norske personbilmarknaden dei første seks månadane i år, er SUV-ar, ifølgje statistikken frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Delen har vakse jamt og trutt i mange år, og trenden er internasjonal. Stasjonsvogner og fleirbruksbilar er på veg ned, medan familiebilmarknaden snur seg mot SUV-ane.

Dette har gjort at stadig fleire modellar dukkar opp i tillegg til den allereie velfylte hylla med slike bilar. I første halvår blei det lansert ei rekkje nye bilar i sjangeren. Alfa Romeo kom for første gong med ein SUV, kalla Stelvio. Peugeot gjekk frå fleirbruksbil til SUV med 5008-modellen, og Skoda debuterte med ein stor bil i sjangeren med sin Kodiaq. Mens Volvo, Audi, Mazda og Land Rover kom med heilt nye versjonar av høvesvis XC60, Q5, CX-5 og Discovery. I tillegg presenterte Toyota sin crossover C-HR og Mini ein ny Countryman.

SUV etter SUV

Og meir skal det bli. Lanseringane i haust vil i svært høg grad bli prega av SUV etter SUV.

BMW rullar ut ein heilt ny X3. Dette blir tredje generasjon etter at modellen først blei lansert i 2003.

– Heilt nye BMW X3 definerer balansen mellom sportsleg og komfortabel køyreglede, hevdar Marius Tegneby, kommunikasjonsdirektør i BMW Group Norge, i ei pressemelding.

Internasjonalt står X-modellane frå BMW for ein tredel av totalsalet deira. Den nye X3 har vakse fem centimeter i lengd og akselavstand samanlikna med modellen som er på marknaden i dag. I starten blir den tilgjengeleg med ein bensinmotor på 360 hestekrefter i M40i og to dieselmotorar på 190 og 265 hestekrefter i xDrive 20d og xDrive 30d.

X3 har premiere på bilutstillinga i Frankfurt i september, og dei første kundebilane kjem til Noreg i november.

Hyundai vil bli det største asiatiske merket i Europa og meiner at den nye modellen Kona kan bidra til det. Det er ein SUV som plasserer seg under Santa Fe og Tucson i storleik. Den blir levert med firehjulstrekk og bensinmotor på 177 hestekrefter, og vil også komme med framhjulstrekk i kombinasjon med tresylindra bensinmotor som yter 120 hestekrefter. 

Jaguar med éin til

– Kona går rett inn i eit segment i vekst i Noreg. Det er stor interesse for denne typen bilar no, seier produktsjef Øyvind Knudsen i Hyundai Norge i ei melding.

Modellen er 417 centimeter lang og har bakkeklaring på 17 centimeter.

Den indiskeigde britiske bilprodusenten Jaguar kom med den første SUV-en sin i fjor, F-Pace. Denne hausten er dei klare med ein mindre SUV, E-pace. Den blir 441 lang og dermed noko mindre enn ein BMW X3. Modellen er basert på same plattform som ein finn i Range Rover Evoque og Land Rover Discovery Sport. E-Pace vil ha ein tverrstilt motor og moglegheiter for framhjulstrekk eller firehjulstrekk. Motoralternativa er tre ulike diesel frå 150 til 240 hestekrefter og to bensin på 250 og 300 hestekrefter.

Modellen til Kia, Stonic, kjem i tredje kvartal, og er ein systerbil til Hyundai Kona. Dette blir den minste SUV-en til Kia. Merket reknar med at den vil bli ein av deira bestseljande modellar, og kundane skal kunne velje mellom ei rekke kombinasjonsmoglegheiter når det gjeld lakkfargar. Motoriseringsalternativa er tre bensinmotorar og éin diesel, alle kopla til ei manuell girkasse.

Artikkelen held fram under biletet

SUV-SATSING: Tidligere i år kom Skoda men sin aller første ordentlige SUV i Kodiaq, nå kommer Yeti-erstatteren Karoq.
SUV-SATSING: Tidligere i år kom Skoda men sin aller første ordentlige SUV i Kodiaq, nå kommer Yeti-erstatteren Karoq. Foto: Produsenten

 

To frå Opel

Mitsubishi har hatt stor suksess med Outlander i Norge, og mot slutten av året kjem dei med ein mindre SUV kalla Eclipse Cross. Den har ein coupé-aktig takform og er mellomstor med ei lengd på 440 centimeter. Den blir levert med bensin- eller dieselmotor, begge i kombinasjon med trinnlaus girkasse, men det blir ingen ladbar hybrid, som har vore storseljaren i Outlander. Rune Gjerstad, administrerande direktør hos den norske importøren, seier Eclipse Cross vil vere i butikkane i desember.

Opel kjem med to SUV-ar om kort tid. Crossland X legg seg litt under Mokka X i storleik.

– Etterspurnaden etter små SUV-ar og crossovermodellar aukar betydeleg. Crossland X kombinerer det tøffe frå SUV med smarte praktiske løysingar og svært gode tilkoplingsmoglegheiter, seier CEO for Opel, Dr. Karl-Thomas Neumann, i ei melding.

Grandland X er noko større og skal gjere porteføljen til merket, i kompaktklassen saman med Astra og Zafira, komplett.

Få merke har lengre erfaring med SUV-segmentet enn Range Rover, og no fyller dei ut modellrekkja med Velar. Den delar plattform med Jaguar F-Pace, og er i same storleik, noko som vil seie at den legg seg under Range Rover Sport og over Evoque med ei lengd på 480 centimeter.

Den rimelegaste modellen har 180 hestekrefter diesel og firehjulstrekk, og startar på 840.000 kroner. Den blir òg levert med diesel på 240 og 300 hestekrefter. Bensinalternativa er på 250 og 380 hestekrefter. 

Tiguan XL

Renault har dei seinare åra komme med nokre mindre SUV-ar, mot slutten av året vil dei prøve seg i den større enden av segmentet med Koleos. Den er bygd på same plattform som Nissan X-Trail og Renault Kadjar, men er større enn sistnemnde. Den vil truleg bli tilgjengeleg både med to- og firehjulstrekk og eit utval diesel- og bensinmotorar, der dei største er på 170 hestekrefter.

Skoda erstattar Yeti med ein meir SUV-aktig bil i Karoq. Den er 4,4 meter lang og kjem til Noreg i november. Motorane blir kjenningar frå Volkswagen-konsernet, med bensin og diesel på 115 og 150 hestekrefter.

– Vi har stor tru på nye Skoda Karoq i ein stadig veksande SUV-marknad i Noreg. Målet i 2018 er å selje 2400 bilar, seier Skoda-direktør Thomas Meiner.

Samtidig vil Volkswagen komme med ein ekstra romsleg versjon av Tiguan som dei kallar Allspace. Den har strekt seg 215 millimeter og er no 4,7 meter lang, dermed er det plass til ei ekstra seterad.

Det er venta at den vil ha ein startpris på rundt 575.000 kroner. Volkswagen seier bilen skal treffe kundegruppa som ligg mellom den vanlege Tiguan og den meir luksuriøse Touareg.

Til toppen