OMSTILLING: Det ligg an til meir omstilling i Årdal kommune. Olve Fossedal la tysdag fram tala som syner dei harde fakta: det blir fleire eldre og færre unge i kommunen.
OMSTILLING: Det ligg an til meir omstilling i Årdal kommune. Olve Fossedal la tysdag fram tala som syner dei harde fakta: det blir fleire eldre og færre unge i kommunen. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Det blir fleire eldre og færre unge: – Ei betydeleg politisk utfordring

Berre på dei neste åra vil talet på eldre mellom 80 og 89 år auka med over hundre personar i Årdal. Samstundes blir det færre ungar.

Årdal: Rådmann i kommunen, Olve Fossedal, skildrar situasjonen som ei betydeleg politisk utfordring for dei folkevalde i Årdal.

Tysdag la administrasjonen fram tal som tydeleg syner kva utfordringar kommunen har innanfor struktur og økonomi. Utfordringane er i millionklassen. 9,2 millionar i 2018. 10,7 millionar i 2019. 10,5 millionar i 2020. 11,4 millionar i 2021.

– Hovudutfordringa er at dei grunnleggande føresetnadene ikkje er endra. Me har stort sett den same strukturen som då me segla inn på Robek, seier Fossedal.

Fleire eldre, færre unge

Synleggjort med grafar, statistikk og tal er det ganske tydeleg kor endringane må skje. Det vil bli fleire eldre i løpet av dei neste åra, samstundes som talet på unge vil gå ned. 

– Hovudgrepa må gjerast ved å omdisponera ressursane i tenester der brukartala går ned til der det aukar. Det er ei betydeleg politisk utfordring, seier Fossedal, som forklarar at det ville innebere ei omstilling ein ikkje har gjort særleg av tidlegare.

Dersom dei folkevalde skal nå målet dei sjølve har sett med eit overskot på 1,75 prosent, eller rundt 10 millionar kroner, må pengane hentast andre stader. Når folketalet i tillegg ser ut til å gå nedover, betyr det at den summen ikkje vil koma frå staten.

KONSEKVENSAR: Kurt Jevnaker (V) var klar på at dei folkevalde ikkje kan late att augo for utviklinga som er i vente.
KONSEKVENSAR: Kurt Jevnaker (V) var klar på at dei folkevalde ikkje kan late att augo for utviklinga som er i vente. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Konsekvensar for barnehage og skule

Sjølv om ein no først vil få fram mest mogleg kunnskap om konsekvensane, er det lett å tenkja seg til kva dei kan vera – fjerna barnehagar eller laga ei felles leiing for skulane til dømes. 

– Som folkevalde kan me ikkje lata vera å ta dette innover oss. Struktur er ein vanskeleg og krevjande prosess. Me må gå inn og sjå på kva som er mogleg å få til og kva effekt det vil ha, seier Kurt Jevnaker (V).

– Kva kan me gjera innanfor barnehage? Me ønskjer kvalitet, men kan ein levera det med mindre innsats? Dette vil vere interessant å få svar på, legg han til. 

For tidleg å seie noko om oppseiingar

Fossedal seier til Porten.no at det er for tidleg å snakka om oppseiingar. Sist kommunen køyrte eit omstillingsprosjekt, som først hadde namnet nedbemanningsprosjekt, slapp dei unna oppseiingar. 

– Me har late vera å gå inn i realitetane no fordi det er viktig at politikarane gir oss føringar slik at det me no jobbar med, er i den retninga dei ønskjer. Me vil ikkje setja i gang med noko som er langt utanfor det som det er politiske ønske om. 

Til toppen