Årdal: Leiar i idrettslaget, Arnt Moen, stadfestar dette til Porten.no torsdag.
– Ja, me hadde eit møte i går der me gjekk gjennom spelargruppa, og me ser at me har ei god treningsgruppa og godt grunnlag, så no er det definitivt at det blir lag, seier han.
Det har vore knytt stor usikkerheit rundt handballen i Årdal dei siste vekene. Idrettslaget har mellom anna nytta Porten.no i jakta på både leiar for handballgruppa og seinast spelarar.
- Les også: På spelarjakt to veker før sesongstart
Det kan sjå ut til at det siste har fungert bra, og dei slepp no å trekkje laget frå seriespel.
– Per i dag er det ei treningsgruppe på 20 personar, og dette er både unge og eldre spelarar, kanskje ein overvekt av yngre, fortel Moen.
No startar arbeidet med å ferdigstille apparatet rundt trenar Olafur Sveinsson.
- Les også: Fryktar å stå utan speletilbod
– Han er trenar, og me jobbar med å få på plass folk rundt som oppmann og støtteapparat, seier leiaren.
Jotun/Årdalstangen, som laget formelt heiter, skulle eigentleg møte Sogndal komande helg, men kampen er utsett. Difor blir sesongens første kamp mot Bjørn i Årdalshallen 24. september.