SEIN VÅR: Ein forholdsvis kald sommar og sein vår gjer at Lærdal Grønt har justert prognosane på morelleproduksjonen frå 250 til 200 tonn, fortel dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SEIN VÅR: Ein forholdsvis kald sommar og sein vår gjer at Lærdal Grønt har justert prognosane på morelleproduksjonen frå 250 til 200 tonn, fortel dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

– Det blir ikkje eit topp morelleår

Lærdal Grønt reknar med å produsere om lag 50 tonn mindre moreller enn planlagt.

Lærdal: Ein sein vår og forholdsvis låge temperaturar så langt i sommar med lite sol, gjer at Lærdal Grønt har justert prognosane sine på moreller.

Dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal seier dei hadde lagt opp til å produsere 250 tonn denne sesongen, men dette er nedjustert til 200 tonn. 

– Eigentleg har det ikkje vore å så gale her. Eg snakka med folk i Hardanger, og dei hadde voldsomt dårlege avlingar. Det er to ting som spelar inn. Viss det er kaldt i blomstringa, virkar ikkje biene, men akkurat då morellene blomstra her, så var det ikkje så gale. Aprikosen blomstra, og det var mykje bieaktivitet. 

Les også: Håpar å skilja seg ut i grønsaksdisken med ny emballasje

– Problemet er at det har vore så kaldt etter det, så viss dei skal veksa og bli store, treng dei varme og lys. Viss ikkje, dett dei av. Det blir ikkje topp morelleår. Me hadde trudd på 250 tonn, emn har justert til 200 tonn, seier Mundal.

Når det gjeld bringebær, blir det omtrent slik som venta for Lærdal Grønt, som står for om lag halvparten av morelleproduksjonen i landet i ein normalsesong og produserer rundt 200 tonn med bringebær. 

Gjort grep mot kulda

Trass i sein vår, er ikkje sesongen dramatisk forseinka, fortel Mundal. Kvar vår er det alltid knytt stor spenning til vêret, og spesielt den mykje omtala nattefrosten.

– Det er kanskje litt for mykje spenning knytt opp til det. Det er jo problemet med å vera tidleg ute at det er kaldt her. Då må me prøva å styra naturen i den grad det let seg gjera, og då har me hatt nokre varmekanoner som me har testa ut i vår, og dei hjelpte med nokre grader. 

– I tillegg har me prøvd å vatna, og då legg det seg is utpå blomen som vert beskytta. Problemet er at mykje is og vatn på greinene kan gjera at dei knekk, seier han og legg til at dei byrjar å selja moreller og bringebær mot slutten av juli, noko som er normalt mot ein ekstremt tidleg sesong i fjor, ifølgje han. 

Millionar på spel

I fjor rekna Lærdal Grønt med at dei tapte 100 tonn moreller til nattefrosten. Då er det millionar av kroner som ryker med. Difor er dei svært aktive på kunnskapsfronten. Nyleg var dei studietur i Europa for å læra. Blant anna fekk dei med seg ei parafinlampe tilbake, som skal setjast opp mellom trea og gi varme. 

– Me var litt usikker på korleis me skulle få det med på flyet, men det gjekk fint, smiler Mundal. 

– Difor er det litt viktig at me driv med fleire ting, for alt kan ikkje skjera seg på same tida, seier han og siktar til grønsaker som poteter og gulrøtter, som er svært robuste. 

Tidleg ute

Og det er klart det er viktig å driva med slike tiltak. I og med at våren kjem tidlegare på Vestlandet og i Lærdal, er det viktig å dra nytte av dette, forklarar den daglege leiaren.

– Den tidlege våren gjer at me kan vera tidleg på marknaden når det er gode prisar. Det er viktig på grønsaker. Samstundes er det slik at gardane ikkje er særleg store, så det betyr at me må ha noko som gir god betaling per kvadratmeter, og då har du tidlegpoteter. Det er bra prisar, og me kan tena pengar på dei relativt små åkerlappane.

Seinare i sesong er prisane nemleg så dårlege at dei ikkje klarar å konkurrere mot dei store gardane på Austlandet. Difor sluttar dei å pakka poteter i midten av september på Lærdal Grønt, som også satsar friskt på andre sortar.

Prøver seg på aprikos

– Me har vore på studietur til utlandet kvart år i ti år, der me har besøkt morelle- og bringebærområde. Det me har sett er at der dei dyrkar moreller, er det ofte også aprikos. Då tenkte me å få til dette i Lærdal også. 

– Det er heilt i grenseland, men me planta ut eit par tusen tre rundt omkring i bygda, og trass i ein kald vår, ser det ut til at me får nokre 100 kilo aprikos. Me fekk i fjor også, men då fraus det meste vekk. Men me fekk smakt på det, og det var fantastisk godt. 

Det gjer Lærdal Grønt til kanskje den einaste som i kommersiell målestokk driv med aprikos i Noreg. Mundal fortel at på dette området er dei ekstra avhengige av optimale vêrforhold.

– Det er moro å driva med ting folk ikkje trur du skal få til, og så gjer det noko med miljøet når me jobbar saman. Me har testa, prøvd og hatt det moro med dette, så skulle det ikkje gå, er det ikkje bortkasta, seier han.

Mundal fortel også at dei syslar litt med fersken også, men berre tida vil visa om dette blir ein slager i likskap med mykje anna dei sel.

Til toppen