NØGD: Leiar i YS Stat, Pål N. Arnesen, seier han er nøgd med resultat etter forhandlingane om årets lønsoppgjer.
NØGD: Leiar i YS Stat, Pål N. Arnesen, seier han er nøgd med resultat etter forhandlingane om årets lønsoppgjer.

Det blir ingen streik i staten

Etter å ha mekla seks timar på overtid natt til torsdag blei partane samde.

Sogn: Staten og YS Stat er samde om ei fordeling av lønstillegg der 50 prosent vert gitt sentralt og 50 prosent skal fordelast lokalt gjennom forhandlingar i etatar og verksemder, skriv YS i ei pressemelding.

Det blir eit generelt lønstillegg på 1,15 prosent til alle, medan resten skal fordelast lokalt. Totalt utgjer det ein lønsauke på 2,4 prosent.

– Me er nøgde med resultatet. Alt i alt har meklinga gitt oss betre resultat på fordeling av økonomi og på forhandlingsbestemmelsar enn me ville oppnådd viss me hadde akseptert statens tilbod i dei ordinære forhandlingane. Me har rett og slett fått ein betre tariffavtale, seier Pål N. Arnesen, som er leiar i YS Stat, til NRK.

Ville ha råka studentar

Dette betyr at det mellom anna er ein god del studentar som kan puste letta ut. Høgskulen i Sogn og Fjordane ville vorte den skulen som vart hardast råka av streik dersom partane ikkje var samde.

LO Stat og Unio har også kome til semje med staten.

– Me har bevart vår forhandlingsrett på pensjon og gått på plass ein betre lønsprofil for våre medlemsgrupper, seier forhandlingsleiar i Unio Stat, Petter Aaslestad til NRK.

– Alle måtte bidra

Årets lønsoppgjer handla først og fremst om prinsipp, ikkje pengar, noko som gjorde forhandlingane ekstra krevjande. Difor er kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, nøgd med utfallet.

– Dette har vore svært krevjande forhandlingar, og alle har måtta bidra. Eg vil gi honnør til riksmeklar og partane for god og konstruktiv tone gjennom heile meklinga. Eg er spesielt glad for at me er samde om at det er behov for eit modernisert og forenkla løns- og forhandlingssystem i staten, og for at partane i fellesskap skal arbeide for dette, seier Sanner i ei pressemelding.

Til toppen