FOR TREDJE GONG: Kanskje blir lauvet erstatta med snø til den tredje utgåva av julemarknaden i Lærdal blir arrangert laurdag 19.november. Får leiar i marknadsnemndi Astrid Trulssen også rundt ein minusgrad og vindstilt, fint vêr kan det ikkje bli betre tilhøve. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
FOR TREDJE GONG: Kanskje blir lauvet erstatta med snø til den tredje utgåva av julemarknaden i Lærdal blir arrangert laurdag 19.november. Får leiar i marknadsnemndi Astrid Trulssen også rundt ein minusgrad og vindstilt, fint vêr kan det ikkje bli betre tilhøve. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Det blir julemarknad i år også

Haustmarknaden vart berga i tolvte time, no har marknadsnemndi også bestemt seg for å arrangera julemarknad over ein dag.

Lærdal: –Det er jo desse pengane det har stått og falle på, då. Men no har me gått gjennom tala og ser me har overskot frå marknadane i sommar og haust. Så då blir det ein «mini-julemarknad», seier leiar i marknadsnemndi, Astrid Trulssen.

Ho og resten av nemndi hadde møte førre veke der dei bestemte seg for å vidareføra satsinga frå dei to siste åra med julemarknad. I år blir denne marknaden over ein dag, men med noko utvida opningstid.

– Første året hadde me alt ute over to dagar og var eigentleg veldig nøgde. I fjor delte me det så utstillarane kunne velgja om dei ville stå ute i Gamlegata eller inne i Kulturhuset.  Då var det mange som tykte det vart litt tuske fordi det verka noko tomt i Gamlegata. Me hadde faktisk 38 utstillarar, og det tykkjer eg er ganske bra midt i november, seier Trulssen.

– Litt prøving og feiling

Årets julemarknad går av stabelen laurdag 19.november frå klokka 11 til 17 - ein time lengre enn dei to føregåande åra, men altså ein dag mindre.

– Me har tenkt at det kanskje blir for mykje med to dagar i november når det byrjar å bli kaldt, difor gjer me det slik i år. Det er litt prøving og feiling, dette.

– På sommarmarknaden er det sal av «alt mogleg», på haustmarknaden først og fremst resultat av årets avling. Kva kan folk kjøpa på julemarknaden?

– Julegåver, naturlegvis. Mange kjøper julekaker og frys ned. Det blir seld ein del mat på denne marknaden også, mange gir til dømes spekepølser i julegåve.

Artikkelen held fram under biletet

JULETING: Julegåver, juleting og julekaker står naturlegvis i fokus på ein julemarknad. Frå første utgåva av marknaden.
JULETING: Julegåver, juleting og julekaker står naturlegvis i fokus på ein julemarknad. Frå første utgåva av marknaden.

Dei tre marknadane har fått eit tilskot på 100 000 kroner årleg dei siste åra, men dette sat langt inne for kommunen denne marknadssesongen. Såleis hang haustmarknaden i ein tynn tråd lenge. 

Les også: Haustmarknaden berga i tolvte time

Ein underskotsgaranti vart til slutt utlova av formannskapet. Marknadane i haust og sommar gjekk altså med overskot, så nemndi har ikkje måtte nytta seg av garantien. 

Håpar det ikkje blir siste julemarknaden

Spørsmålet er om det blir siste julemarknaden ettersom dette var noko ein skulle prøva i tre år.  

– Eg håpar ikkje det blir siste året; me har tenkt at dette verkeleg kunne vera noko. Men eg er veldig usikker på korleis det blir framover. Me skal ha eit prosjekt med Lærdal Næringsutvikling der me ser på løypa vidare for marknadane. Særskild slit me med sekretariatsbiten; alt blir gjort på friviljug basis av folk som jobbar utom, og då er papirarbeidet ei utfordring.

Les også: Marknaden har kome for å bli

Les også: Smugkik på julemarknaden

Artikkelen held fram under biletet

LYS: Marknadsnemndi vil gjerne ha dugnadshjelp til å få opp dei flotte lyslenkjene som set stemninga på julemarknaden. Frå første utgåva av marknaden. Arkiv
LYS: Marknadsnemndi vil gjerne ha dugnadshjelp til å få opp dei flotte lyslenkjene som set stemninga på julemarknaden. Frå første utgåva av marknaden. Arkiv

I år blir det uansett julemarknad, og no ønskjer Trulssen seg to ting. For det første eit lite snødryss, om lag ein minusgrad og elles stilt, fint vêr 19.november. Og dugnadsfolk veka før.

– Me har desse flott lenkjene med LED-lys me gjerne skulle ha fått litt hjelp med å henga opp i forkant. Så håpar me på litt kaldt men ikkje veldig kaldt vêr sjølve marknadsdagen. Og aldeles ikkje vind. Har ein gode sko og ei varm jakke kjem ein langt. Og me trur det blir veldig stemningsfullt med lysa i mørket; denne effekten får me også nytta betre med ein time lengre opningstid.

Til toppen