KALAS: Freddy Kalas vil avslutta årets Jordeplerock. Pressefoto
KALAS: Freddy Kalas vil avslutta årets Jordeplerock. Pressefoto

Det blir Kalas under Jordeplerock

Partyfaktoren treng ein ikkje bekymra seg for under årets Jordeplerock – Freddy Kalas avsluttar sumarens festival.

Lærdal: – Han er jo kjempestor i Noreg med utruleg mykje kule hittar. Når eg ser på Spotify har han låtar som er streama over 36 millionar gonger. Faktisk er dei ti låtane øvst på lista streama fleire millionar gonger, seier Torgeir Skjerdal, presseansvarleg for Jordeplerock.

Du har kanskje høyrd «Pinne for landet», «Jovial» og/eller «Feel da rush». Det er altså Freddy Kalas. 

– Det blir omtala som EDM, men er også gla`pop. Så eg vil seia dette er innertiar i den sjangeren. Og Freddy Kalas er med på å bidra til at det blir noko for alle eit breitt spekter publikum begge dagane.

Artikkelen held fram under biletet

STEMNING: Etter alt å døma vil årets bandliste også fenga publikum under sumarens festival i Lærdal – her frå laurdagen i fjort. Arkiv
STEMNING: Etter alt å døma vil årets bandliste også fenga publikum under sumarens festival i Lærdal – her frå laurdagen i fjort. Arkiv

Dette er bandlista

No er nemleg lista med band til årets Jordeplerock ferdigspikra, og den ser slik ut:

Fredag:

  • Byting 
  • Innertier
  • Vassendgutane

Laurdag:

  • Staut
  • Daniel Kvammen
  • Freddy Kalas

Les også: – Endeleg kjem dei til Jordeplerock

Les også: Daniel Kvammen til Jordeplerock: – Eit stjerneskot i musikkverda

Les også: Desse sjarmørane kjem på Jordeplerock

– Då har du Byting, Staut og Vassendgutane i countryrock-sjiktet, Innertier og Freddy Kalas med meir gla`pop og partymusikk, medan Daniel Kvammen er litt av alt; pop, country og vis. Så det skulle vera noko for dei fleste her.

– Jamt over store namn

Konseptet for Jordeplerock er endra litt frå tidlegare år; dei har som regel sikta seg inn mot litt vaksnare publikum fredag med eitt tydeleg trekkplaster, som DDE eller Hellbillies. Så har den yngre garden fått «sin» musikk laurdag.

– Då me sleppte Vassendgutane og journalistar spurde om dette var headlineren sa eg at me kom med jamt over store namn i år. Og at begge dagane skulle fenga så mange som mogleg sjangermessig. Det føler eg framleis eg kan stå inne for, så me er strålande nøgde med bookinga. Og me ligg svært bra an tidsmessig; for aldri før har me hatt bandlista klar innan utgangen av mars.

Nøgd med førehandssalet så langt

Eit artig poeng med Freddy Kalas er at han er bror til Simen Auke, som er halvparten av bandet Broiler.

– Og dei spelte første året me arrangerte Jordeplerock. No feirar me femårsjubileum – og no er det altså broren som står på scena, seier Skjerdal.

Alt no kan ein førehandsbestilla billettar via jordeplerock.no til sumarens festival, som går av stabelen 23-25. juni. 

– Så langt har førehandssalet gått over all forventing. Det er ei setning eg brukar veldig mykje, men kvart år blir eg sjokkert over kor mange som kjøper billettar på førehand. Og det er særs bra, for då er ein sikker på å sleppa inn – me ønskjer verkeleg ikkje å seia til folk i døra at det er fullt, noko me måtte fredagen i fjor, seier Skjerdal.

Til toppen