TO LENSMANNSKONTOR: – Eg kan stadfesta at det blir lensmannskontor i både Lærdal og Årdal, seier Johannessen. Arkivfoto
TO LENSMANNSKONTOR: – Eg kan stadfesta at det blir lensmannskontor i både Lærdal og Årdal, seier Johannessen. Arkivfoto

Det blir lensmannskontor i både Lærdal og Årdal

– Eg gratulerer Årdal med å ha vunne fram, men utifrå ein politifagleg ståstad meiner eg eitt lensmannskontor i Indre Sogn ha vore det beste, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Årdal/Lærdal: Fredag vart det klart at Årdal får behalda lensmannskontoret sitt. Det kjem i tillegg til lensmannskontor i Lærdal.

Les også: Lensmannskontoret i Årdal består

– Eg kan stadfesta at det blir lensmannskontor i både Lærdal og Årdal, seier Johannessen.

Med andre ord vil lensmannskontoret i Lærdal dekkja Lærdal og Aurland – med mindre Aurland også skulle vinna fram med klagen sin. Dette er det førebels ikkje sagt noko om, anna enn at nyhenda om årdalskontoret ikkje gjer noko skilnad for dei andre klagarane sitt vedkomand.

– Det betyr ikkje at dei andre også vil få medhald. Det vert vurdert frå sak til sak, seier politimeister Kaare Songstad til NRK.

– Hadde vore enklare å disponera mannskap med eitt kontor i Indre Sogn

Regionlensmann Johannessen strekar under at det er ein viktig skilnad for Årdal sitt vedkomande.

– Til no har Årdal vore eige politidistrikt, det vil dei ikkje vera lengre. Ein viktig skilnad fordi det har noko med korleis ein kan disponera mannskap å gjera, men dette er komplisert, så dette får me koma attende til seinare i prosessen. Det blir eitt politidistrikt for heile Sogn med lensmannskontor i Årdal, Lærdal, Sogndal og Vik.

– Kva tykkjer du om at Årdal får behalda lensmannskontoret sitt?

– Eg gratulerer Årdal med å ha vunne fram, men utifrå ein politifagleg ståstad meiner eg eitt lensmannskontor i Indre Sogn ha vore det beste. Fordi det hadde vore enklare å disponera mannskapet då. Dette synspunktet har også politimeisteren stilt seg bak. Men no er det bestemt, og då får me disponera mannskapet utifrå det som ligg på bordet.

Til toppen