TRIST: Fylkesmann Anne Karin Hamre synest det er trist at politikarar i Sogndal var so krasse i tonen på spørjetimen under sist kommunestyremøte. Ho lika ikkje å sjå at det kom slik kvass kritikk av einskildindvid i folkestyret sin sal.
TRIST: Fylkesmann Anne Karin Hamre synest det er trist at politikarar i Sogndal var so krasse i tonen på spørjetimen under sist kommunestyremøte. Ho lika ikkje å sjå at det kom slik kvass kritikk av einskildindvid i folkestyret sin sal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Manglande tillit i sogndalspolitikken gjer ho trist og uroa

Fylkesmann Anne Karin Hamre likte dårleg stemninga i sist kommunestyremøte i Sogndal. Ho meiner politikarane må koma seg vidare etter alt bråket rundt Sogn barnevern.

Sogndal: – Eg synest det er ein veldig trist situasjon kommunen er komen i. Eg tykte det var vondt å sjå spørjetimen i kommunestyret i Sogndal den 15. februar, seier fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, til Porten.no.

I møtet ho refererer til måtte rådmann Jostein Aanestad svara på ei rekkje tøffe spørsmål kring handteringa av dei tidlegare konfliktane i Sogn barnevern. Opposisjonen meiner dei ved fleire høve har fått feilaktig informasjon, noko rådmannen nektar.

Fylkesmannen tykkjer det er leit å vera vitne til kor lite tillit det no er i politikken i Sogndal. 

– Det er tydeleg at kommunepolitikarane har vanskeleg for å avslutta denne saka. Dei har vanskeleg for å diskutera på sakleg vis korleis dei kan koma seg vidare. Men eg meiner at det no er naudsynt, held ho fram. 

– Kva for overtramp er det politikarar i salen har gjort?

– Eg har ikkje sagt at det har vore noko overtramp. Eg synest det er trist å sjå at det er lite tillit og lite vilje til samarbeid å spora, seier ho.

Rett og plikt til å ytra seg

Hamre ynskjer ikkje å kommentera enkeltutsegn frå einskildpolitkarar, ho ynskjer berre å formidla det totalinntrykket ho sit att med etter å ha fylgt med på eit langt kommunestyre. 

Ho ønskjer at politikarane set større krav til korleis dei ter seg når dei er i kommunestyresalen. 

– Dei folkevalde har både rett og plikt til å ytra seg. Men det bør vera ein skilnad på kva du seier i mange andre samanhenger, og kva du seier på talarstolen. På talarstolen i eit kommunestyremøte skal det vera ein høg standard, ein standard som innbyggjarane kan forventa frå det høgaste organet i kommunen, seier ho.

Øydeleggjande for arbeidsmiljøet

Hamre seier at dei i Fylkesmann-staben opp gjennom åra har vore vitne til mange konfliktar mellom administrasjonen og politikarane i kommunen, og internt mellom politikarane. 

– Om slike konfliktar får utvikla seg, so ser me at det ofte går ut over tenestene som kommunene har ansvaret for å yta. Det vert vanskeleg å jobba i kommunen, for alt vert prega av konflikten. Det er det ingen som er tente med, seier ho. 

Ho oppmodar politikarane om å avslutta saka på eit ryddig vis. Ho håpar at politikarar og administrasjon heller kan konsentrera seg om å skapa ei best mogleg barnevernsteneste frametter.

– Dei kan ikkje halda fram å jobba på den måten dei gjorde i møtet 15. februar. Eg ynskjer at dei no avsluttar saka på ein ryddig måte og ser frametter, seier Hamre. 

Til toppen