DRAMATISK: Brannvesen og politi rykka i går ut til ein brann i ei handlevogn i ein parkeringskjellar i Sogndal. Det var den tredje utrykkinga på to veker til butikksenteret. Video: Porten.no-tipsar.
DRAMATISK: Brannvesen og politi rykka i går ut til ein brann i ei handlevogn i ein parkeringskjellar i Sogndal. Det var den tredje utrykkinga på to veker til butikksenteret. Video: Porten.no-tipsar.

– Det brann skikkeleg, flammane var over ein meter høge

Tre gonger dei siste to vekene har brannvesen og politi rykka ut til butikksenteret Sogningen i Sogndal. I går sto ei handlekorg i full fyr i parkeringskjellaren.

Sogndal: – Eg håper dei skuldige melder seg. Vi ser veldig alvorleg på dette og har sjølvsagt meldt det til politiet. Konsekvensane i går kunne ha vorte vesentleg verre, seier senterleiar Wilhelm Tangerud ved Amfi Sogningen i Sogndal.

FØRSTE ALARM: Den første gongen politiet måtte rykke ut for to veker sidan var det ein kinaputt som hadde utløyst alarmen.
FØRSTE ALARM: Den første gongen politiet måtte rykke ut for to veker sidan var det ein kinaputt som hadde utløyst alarmen.

Han seier gårsdagen var den mest alvorlege av dei tre episodane dei siste vekene. Rask reaksjon frå ein av butikksjefane sørga for at brannen i handlekorga vart sløkt før naudetatane kom til staden.

– Det brann skikkeleg, flammane var over ein meter høge, så han skal ha all ære for at han hindra dette i å utvikle seg, seier Tangerud.

Les også: «Black Friday»: Sogningane kjøpte julegåver for 6,7 millionar kroner
Les også: Dei meiner studenthuset bør vere i sentrum

Alle tre tilfella har skjedd i same parkeringshus, etter stengetid. Utover politietterforskinga seier senterleiaren at dei sjølve har sett i gong strakstiltak for å sikre betre overvaking.

– Om det er ungestrekar eller kva det er, det må nesten politiet svare på. Men det er uansett alvorleg, seier han.

Til toppen