FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Øyvind Nondal)
STOR INNSATS: Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Youri van der Werve)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Øyvind Nondal)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
STOR INNSATS: Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
STOR INNSATS: Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
STOR INNSATS: Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
FULL FYR: Stedjetunet husar arkitektkontor, barnehageavdeling og kyrkjekontor. Flammane slår opp frå loftsetasjen på det gamle trehuset. Mannskap frå både brannvesenet og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. (Bilde: Josef Benoni Ness)
Video

Stort ærverdig trehus i Sogndal brann ned natt til måndag

Huset vart bygd som aldersheim i 1921. No er det totalskada etter den omfattande brannen som starta søndag kveld.

Sogndal: NRK melde klokka 5.30 at brannmannskapa hadde fått kontroll på flammane.

Augevitne på staden fortalde klokka 19.30 at det brann kraftig frå Stedjetunet, eit stort kvitt bygg ved Stedje kyrkje i Sogndal.

Røyken stod då i ei stor søyle frå taket og flammane slikka opp langs den eine veggen. Røyken hadde lagt seg som ei grå sky over halve bygda.

– Klokka 18.48 vart naudetatane varsla og huset var overtent då brannvesenet kom fram. Den er enno ikkje under kontroll. Brannvesenet driv framleis med sløkking og sivilforsvaret bistår med pumper, material og slangar, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt 20.30.

Han kan ikkje utelukka at det er folk i bygget, men det er heller ingenting som tyder på det.

– Brannvesenet har ikkje vore inne i bygget fordi det er overtent, men det er ikkje meldt om sakna, seier han.

Han opplyser at huset er totalskada og mest truleg vil brenna ned.

Fleire brannbilar, ambulanse og politi er på staden.

Stedjetunet er eigd av Stedje, Norum og Kaupanger sokneråd. I førsteetasje er det eit par kontor, eit forsamlingslokale og ei barnehageavdeling. I andre- og tredjeetasje er det eit arkitektkontor og kyrkjekontor. 

– Det er ufatteleg trist. Det var ikkje denne utgangen me hadde tenkt oss på jubileumshelga, seier prest Kjell Olav Høstaker Nordheim, og siktar til gårsdagens konsert til ære for 150-årsjubileet til Stedje kyrkje som ligg rett ved.

STEDJETUNET: Stedjetunet ligg på eit lite høgdedrag med utsyn over Sogndal sentrum, rett ved mellom anna Stedje kyrkje.
STEDJETUNET: Stedjetunet ligg på eit lite høgdedrag med utsyn over Sogndal sentrum, rett ved mellom anna Stedje kyrkje. Bilde: Google Maps
Til toppen