BRANN: Politet melder om at det brenn i eit utanlandsk vogntog i Lærdalstunnelen.
BRANN: Politet melder om at det brenn i eit utanlandsk vogntog i Lærdalstunnelen. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Brannen i Lærdalstunnelen er sløkt

Vogntoget står omlag to kilometer inn i tunnelen frå Aurlandssida.

Aurland/Lærdal: I Lærdalstunnelen har det teke til å brenne i ein utanlandsk trailer, og det heile skal ha skjedd omag to kilometer inn i tunnelen frå Aurlandssida. Det skriv politiet på Twitter.

– I dag tidleg så er det eit vogntog som har hatt opne flammar, som no er slukka, seier Christian Algrøy-Vegheim ved Sogndal lensmannskontor.

Traileren står i ei lomme inne i tunnelen, og det er ikkje meldt om personskadar.

Klokka 08.44 skriv politiet at vegen er open. Sjåføren av vogntoget, som er i 30-åra, vil bli teke inn til avhøyr.

Har du tips eller bilete. Send til tips@porten.no eller 41765024.

Til toppen