Enda mållaust mot Kongsvinger 
(Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Enda mållaust mot Kongsvinger 

Reiser heim med eitt poeng i bagasjen.

Kongsvinger-Sogndal: 0-0 (0-0)

Før dagens kamp kunne Sogndal Fotball melda at alt låg tilrette for ein jamn og god kamp mot Kongsvinger – og jamn kamp blei det. Begge laga gjekk av bana utan eit einaste mål. Sogndølene reiser difor heimatt med kun eitt poeng i bagasjen.

Etter 13 kampar ligg Sogndal fortsatt på tredjeplass på tabellen, tre poeng bak Ranheim og direkte opprykk.

Neste kamp er mot Strømmen den 8. september på Fosshaugane Campus.

Gjorde to endringar

Sogndal gjorde to endringar i laget frå forrige kamp mot Tromsø. I startellevaren var Renze Fij - Axel Kryger, Igoh Ogbu, Martin Ove Roseth - Daniel Eid, Mathias Blårud, Sivert Mannsverk, Tomas Totland - Sixten Jensen, Markus Brændsrød og Kristoffer Hoven

Frå start sat Håvard Hetle, Endre Kupen, Eivind Helgesen, Anders Nord, Per Magnus Steiring, Badou og Tomas Kristoffersen på benken.

Til toppen