DIGITALT: Årets feiring av frigjerings- og veterandagen blir av det digitale slaget.
DIGITALT: Årets feiring av frigjerings- og veterandagen blir av det digitale slaget. (Foto: Sogndal kommune)

Det er 75 år sidan frigjevinga – markeringa blir teke digitalt

Årets markering av 8. mai blir digital, skriv Sogndal kommune i ei pressemelding.

Sogndal: Regjeringa melde tidleg at dei ikkje vil delta på lokale 8. mai-arrangement. Den nasjonale markeringa på Akershus festning skjer utan publikum. Veteranar som skulle heidrast med medaljar under seremonien i år, vil bli overrekt desse ved markeringa til neste år.

I pressemeldinga kjem det fram at Sogndal kommune ynskjer å skapa ei markering innanfor dei rammene og restriksjonane som er satt for kulturarrangement. Dei har planlagt ei kort, men verdig markering ved minnesmerket, attmed Lægreid hotell, i Sogndalafjøra.

Felles markering

I år blir det ei felles markering for Sogndal, Luster og Vik kommune. Dei tre kommunane og Forsvaret, med Heimevernet, kjem til å vera representerte. Det vil bli kransenedlegging, tale og musikalsk innslag.

– 8. mai er ein historisk viktig dag for Noreg, og det er dagen der me heidrar kvinner og menn som har gjort ei innsats for Noreg i kongens klede, seier Arnstein Menes, ordførar i Sogndal kommune.

Områdesjef i Sogn heimevernsområde, major Bård Flattun Lilleeng, er glad for at kommunane på denne måten går saman om å markera 8. mai.

– Denne dagen er både frigjerings- og veterandagen vår. Me skal på denne viktige dagen feira fridomen og demokratiet vårt, og samstundes visa takksemd til dei mange som har gjeve sitt bidrag i teneste for Norge heime og ute, seier Lilleeng.

Jubileum

I år er det også ein litt ekstra spesiell dag. Det er 75 år sidan andre verdskrig tok slutt. Under eit normalår ville dette jubileet fått meir merksemd, men det må diverre venta til eit seinare høve, står det vidare i pressemeldinga.

Kransenedlegging ved dei andre minnessteinane frå andre verdskrig vil skje på 17. mai som vanleg. 

Til toppen