HELSAR PÅ GULLVINNAREN: Bronsevinnar Arild Kråkenes frå Jotun IL helsar på gullvinnaren i svarte klede, som vann stevnet suverent. Sølvvinnaren klarte 150 kilo, medan Kråkenes berre nesten klarte det. Gullvinnaren pressa heile 185 kilo, og hadde ein god freistnad på å klara 195 kilo.
HELSAR PÅ GULLVINNAREN: Bronsevinnar Arild Kråkenes frå Jotun IL helsar på gullvinnaren i svarte klede, som vann stevnet suverent. Sølvvinnaren klarte 150 kilo, medan Kråkenes berre nesten klarte det. Gullvinnaren pressa heile 185 kilo, og hadde ein god freistnad på å klara 195 kilo.

– Det er alltid greitt å få medalje

To årdøler fekk medalje i laurdagens NM i benkpress i Fredrikstad. 

Årdal: – Eg var ikkje heilt i den forma eg håpa på. Hadde eg makta 150 kilo, so hadde eg teke sølvvinnaren på kroppsvekt, seier Arild Kråkenes, som kjenner litt på at han ikkje berre vann bronsen, men også «tapte» sølvet.

Hadde han klart å lyfta like tungt som sølvvinnaren,150 kilo, so ville Kråkenes ha gått føre på resultatlista. Det er nemleg slik at om to lyftar like tungt, so går den som sjølv veg minst framom den som er tyngre på resultatlista.

Det var i yngre veteranklasse (40-49 år) Kråkenes deltok i NM i benkepress i Fredrikstad laurdag. Tidlegare har han vorte europameister i same klasse og teke sølv i VM.  

– Var du glad for medaljen?

– Det er alltid greitt å få medalje, seier Kråkenes humrande.

FYRSTEMANN PÅ PODIET: Som bronsevinnar var Arild Kråkenes den fyrste til å stiga opp på podiet og få medaljen sin. 
FYRSTEMANN PÅ PODIET: Som bronsevinnar var Arild Kråkenes den fyrste til å stiga opp på podiet og få medaljen sin. 

Han forklarar at litt av grunnen til at han tidlegare har fått medalje av endå finare valør i både VM og EM i yngre veteranklasse, er at han tevla i ei sokalla «benkepresskjorte» då.

Og han er endå flinkare i dei tevlingane ein får nytta seg av det hjelpemiddelet. 

– I råbenk er eg litt svakare, men no i dag var eg likevel litt svakare enn eg har vore i det siste, seier Kråkenes. 

Smakfull bankett etter stevnet

– Me har alltid ein bankett etter alle større stevne, og den er for alle som er med og lyfta, for domarane, arrangementsansvarlege og andre, seier Kråkenes. 

Han seier det var god stemning på banketten, og at det var ekstra kjekt å nyta han etter å ha teke medalje. Men porsjonen kunne gjerne vore litt større: 

– Me åt på ein fin restaurant, og du veit, dess dyrare og finare restauranten er, dess mindre mat vert det, men eg fylte på med litt øl, seier Kråkenes.

Det var ein fin lakserett til forrett, og hjortekjøt til hovudrett.

ALLE MEDALJEVINNARANE PÅ PLASS: Også bamsen som vann tevlinga og som pressa heile 185 kilo har kome på plass på podiet.   
ALLE MEDALJEVINNARANE PÅ PLASS: Også bamsen som vann tevlinga og som pressa heile 185 kilo har kome på plass på podiet.  

Den tredje lyftaren på laget sat heime og fylgde med direkte på ipad.

Den andre atleten frå Jotun IL som tok medalje i noregsmeisterskapen i Fredrikstad laurdag heiter Arve Otto Nundal. Han tok bronse i klassen for eldre senior (60-69 år).

Den tredje benkepressaren til Jotun IL, Geir Reidar Hestetun, sat heime i Årdal og fylgde med på direkten på Norges Styrkeløftforbund sine nettsider. Sjølv var han sett ut av spel av ein ribbeinskade. 

– Det er veldig kjekt at dei tok bronse. Me er ein liten klubb. Me har vore større i tidlegare år, og no er me berre tre lyftarar att. Og då er det fantastisk at både Arild og Arve Otto vann medalje. 

Hestetun var også oppteken av at Kråkenes var nære på å vinna sølv:  

– Han bomma på det andre lyftet. Hadde han treft betre med det andre lyftet sitt, so trur eg han hadde teke sølvet, seier Hestetun. 

Sjølv understrekar Hestetun at han ikkje hadde hatt ein sjanse på å ta medalje på laurdagens stevne. Men om han vert skadefri og får trent godt fram mot neste år, so håpar han på å både ta del og vinna medalje i neste meisterskap han òg. 

Til toppen