MYKJE VÊR I VENTE: Det bryggar opp til ein skikkeleg hauststorm, ifølgje prognosane.
MYKJE VÊR I VENTE: Det bryggar opp til ein skikkeleg hauststorm, ifølgje prognosane. (Foto: Meteorologisk institutt/skjermdump)

Det er berre å bu seg. No er det sendt ut fire farevarsel på ein gong

Det blir vått, mykje vind, det kan gå ras, og det kan bli kvitt og vanskeleg å køyra i fjella.

Sogn: Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut ikkje mindre enn fire farevarsel som gjeld vêret som er venta i Sogn i helga.

I midtre og indre delar av fylket er det venta jordskredfare på oransje nivå laurdag og søndag. Oransje farenivå er det nest høgste NVE brukar, og blir skildra som ein alvorlig og sjeldan situasjon, som kan medføra store skader.

Frå laurdag ettermiddag kan det lokalt koma opp mot 100 milimeter nedbør på eit døgn. I tillegg vil temperaturen stiga og nysnøen i fjellet vil smelta. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med mykje vatn er spesielt utsette for jordskred. Mykje regn vil naturlegvis óg gje meir vatn i elvane. Flaumfaren kan passera oransje nivå natt til søndag, melder NVE.

I tillegg til dei to oransje farevarsla, åtvarar Meteorologisk institutt mot sterk vind og mykje snø i fjella i Sør-Norge. Faregraden er her på gult nivå. Bilistar som skal køyra over fjellovergangar blir rådde til å legga på vinterdekk.

Til toppen