HELSESTASJONEN: Helsesøster Anne Berit Lerum saman med 6 veker gamle Zara Nyheim Igari. Foto: privat
HELSESTASJONEN: Helsesøster Anne Berit Lerum saman med 6 veker gamle Zara Nyheim Igari. Foto: privat

– Det er ei god kjensle å kunne hjelpe

Dette seier leiande helsesøster Anne Berit Lerum om jobben dei utfører på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Dei er no nøgde med at helsetenestene for barn og unge er samla i 2 etg. på det nye helsehuset.  

Årdal: Leiande helsesøster Anne Berit Lerum er særs nøgd med at alle helsetenestene for barn og unge er samla i 2 etg. i det nye helsehuset. Det gjev fine overgangar frå jordmor til helsestasjonen, samt eit enda betre samarbeid med barnefysioterapeut, som også held til i 2 etg.

– Er det noko me lurer på, så er det no lettare å hente inn fysioterapeut for ein sjekk, seier Lerum. Slik blir samarbeidet veldig godt.

Barnelegen har også kontortid på helsestasjonen, og er medisinsk ansvarleg for avdelinga. Her kan også elevar frå 1 klasse til vidaregåande skule få timeavtale ved behov. 

HELSESTASJONEN: Her er mamma Stine Moen Bakken og Hedda Bakken Sjøtun på venterommet til helsestasjonen.
HELSESTASJONEN: Her er mamma Stine Moen Bakken og Hedda Bakken Sjøtun på venterommet til helsestasjonen.

Helsestasjonen har eit stort arbeidsfelt, og har i dag 3.5 årsverk i tillegg til jordmor. Helsestasjonen skal vera ein aktiv pådrivar for å styrkja det førebyggjande og helsefremjande arbeidet i Årdal Kommune.

Målgruppa er gravide, barn og unge frå 0-20 år, samt deira foreldre. Det vert utført kontrollar i svangerskap, sped- og småbarnskontrollar, samt tilbod innan skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. I tillegg har helsestasjonen arbeid med reisevaksinering, og anna vaksinering av vaksne, høyrselskontrollar og krisearbeid.

– Helsestasjonen er eit lågterskeltilbod, her skal ein kunne kome med små og store problem og ein treng ikkje henvisning, seier Lerum.

Ho legg til at tillit er viktig, dei skal vera ei støtte til foreldre og barn.

– Betre at foreldre tek kontakt med oss, enn at dei sit å lurer heime. Spesielt førstegongsforeldre har ein del spørsmål, då blir eg så glad når dei tek kontakt, så løyser me det i fellesskap.

– Det er ein god følelse å kunne hjelpe, legg ho til smilande.

Artikkelen held fram under biletet. 

VENTEROM: Det nye venterommet på helsestasjonen er koseleg for store og små.
VENTEROM: Det nye venterommet på helsestasjonen er koseleg for store og små.

Samtale med barn og unge

Også skulehelsetenesta er eit såkalla lågterskeltilbod, der barn, unge og deira foreldre skal kunne kome med sine behov og bekymringar. Helsesøster skal vera synleg på skulane, med «open dør» til faste tider.

I Årdal Kommune, på lik linje med andre kommunar, er det store utfordringar knytt til barn og unge si psykiske helse. Dette er utfordringar som krev arbeid over tid og ofte er det naudsynt med tverrfagleg samarbeid.

– Me har mange samtalar med barn og unge, både forebyggande og bearbeidande, seier Lerum. Spesielt er det mange pressa jenter i ungdomsalderen.

Ho legg til at ved samtalar med barn og unge kan dei vera tilgjengelege på ettermiddagstid etter avtale, viss det gjer det enklare.

Lerum nemner tre viktige funksjonar, som kan bidra til at barn og unge skal utvikle ei god psykisk helse.

– Dei treng ein trygg samtalepartner når livet byr på utfordringar. Ein skal prøve å hindre at psykiske vanskar utviklar seg til sjukdom, samt gje dei som slit med psykiske vanskar den hjelpa dei treng.

– I tillegg er samtale kring sorg viktig og naudsynt, seier Lerum.

Verdens beste jobb

Samhandlingsreforma og ulike Stortingsmeldingar peikar på at det er viktig å styrka og utvikla helsestasjons-og skulehelsetenesta i tråd med endringar og behov i samfunnet, kan ein lese i skulehelseplanen til Årdal Kommune.

I planen vert også helsestasjons- og skulehelsetenesta framheva som ei unik og særleg viktig teneste i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet, fordi dei når alle barn, unge og familiane deira.

– I 2010 vart bemanninga redusert med 50 %, me er særs nøgde med at denne vart gjeninnført i 2016, seier Lerum.

Ho legg til at dei har eit stort arbeidsområde og allsidige oppgåver.
Tenesta gjer ein viktig jobb for å følgje opp barn, unge og foreldre i Årdal Kommune.

– Det må vere verdens beste jobb, avsluttar Lerum nøgd.  

Til toppen