FRUSTRERTE: Marija Mudronja og Sladjana Perazic fortel om ein frustrerande situasjon der dei framleis ventar på opphaldsløyve slik at dei kan byrja å spela handball for Jotun. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FRUSTRERTE: Marija Mudronja og Sladjana Perazic fortel om ein frustrerande situasjon der dei framleis ventar på opphaldsløyve slik at dei kan byrja å spela handball for Jotun. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Det er ein frustrerande situasjon for oss

Marija Mudronja og Sladjana Perazic ventar framleis på løyve slik at dei kan spela på Jotun. Det er ein frustrerande situasjon, seier dei to til Porten.no.

Maria Mudronja smiler oppgitt. Sidan i sommar har ho og Sladjana Perazic venta på opphold- og arbeidstillatelse slik at dei kan jobba i Årdal og spela handball for Jotun.

– Det er vanskeleg, spesielt på fredagar når laget førebur seg på den neste kampen. Me berre står der og prøver å hjelpa til, men kjenslene kjem i vegen. Me er veldig sinte og skuffa over situasjonen, fortel Mudronja til Porten.no.

Av dei to er det berre ho som kan engelsk. Perazic sit ved sidan av ho og nikkar. 

Ser at klubben prøver

Det var i sommar at dei to kom til Norge og Årdal, først og fremst for å arbeida. I tillegg skulle dei spela handball for Jotun, men sidan spel i 2. divisjon ikkje kvalifiserer til arbeidsløyve ifølgje Utlendingsdirektoratets (UDI) reglar, sit dei framleis og ventar på å dra på seg den grøne Jotun-trøya.

– Dei prøver, spesielt klubben – Børre (Øvstetun), Torstein (Kvam) og Oli (Sveinsson). Jentene er så støttande og trøstande, men det hjelp lite, spesielt ikkje på fredagane. Me berre ventar og håpar. Me føler oss optimistiske, held Mudronja fram.

– Eg ser at dei prøver, men dei forventa ikkje dette. Det har vore utanlandske spelarar her tidlegare. Dei spelte, og dei forventa me skulle få løyve til å spela for ein månad sidan. 

Anka avgjerdsla

Som Porten.no fortalte for drøye to veker sidan fekk dei to avslag på oppholdsløyva sine. Den har Jotun anka. Sportsleg leiar Torstein Kvam seier at dei forventar meir klarheit i laupet av veka.

– Louis Anda (advokaten til Jotun) har snakka med UDI. Då får me håpa det går fort slik at dei to blir klare til kampen mot Førde. Louis meinte det berre var formalitetar som gjenstod før det gjekk i orden, seier han. 

Han har tidlegare uttalt at med dei to på laget frå start av sesongen, ville Jotun hatt full pott no. 

– Det er eit modig utsagn. Takk, men eg er ikkje så sikker. Me er nye her, og me har ikkje spelt skikkeleg saman med heile laget. Ja, me er erfarne, men det er ikkje så enkelt, svarar Mudronja.

– Eg håpar på det beste i andre halvdel av sesongen at me skal vinna alle kampane og vera med i kvalifiseringa. 

– Ein draum som går i oppfyllelse

Men inntil vidare blir det med ventinga. Mudronja fortel at dei kjedar seg mykje, men at dei elskar livet i Årdal.

– Det er fantastisk. Eg elskar naturen. Dette er som ein draum som går i oppfyllelse. Ønsket mitt om å komma hit har eg hatt fleire år. Folk er fantastiske. Dei er muntre sjølv om situasjonen er dårleg. 

Dagane brukar dei stort sett på trening. Ellers blir det ein del lesing og filmtitting. Det kan bli litt vel mykje fritid seier 31-åringen.

– Me jobbar ikkje. Det er det same kvar dag. Det er veldig kjedeleg og frustrerande. Det er for mykje fritid, så eg må byrja å jobba og trena for å ha eit normalt liv. Eg trenar mykje no, men det gir forhåpentligvis resultat. 

Prøver å hjelpa

Jotun-trenar Olafur Sveinsson synest dei to nyervervingane beherskar situasjonen godt.

– Det kan ikkje vera noko lett oppgåve å reisa frå heimlandet sitt og vera heilt åleina i ein ukjend kommune ein plass i Noreg. Eg synest dei taklar det svært godt, seier han og fortel at dei prøver alt dei kan for å gjera livet enklare.

– Me prøver å hjelpa i den grad me kan, men det er klart at det blir vanskelig å stilla opp på dagtid og i arbeidstida. Elles støttar me dei opp og er positive. 

Også han synest det er feil at dei to ikkje har fått oppholdsløyve på eit tidlegare tidspunkt.

– Me har 150 asylsøkarar som ser ut til å få oppholdsløyva, om ikkje permanent, så forelaupig. At det skal vera så vanskeleg for folk innanfor Europa å få det synest eg er feil.

Gode CV-ar

Det var tidlegare Jotun-trenar Almir Ljajic som tipsa dei to spelarane om Årdal og Jotun. 

– Han kontakta oss og fortalte oss om dette. Eg sa okay, for hovudgrunnen til at eg er her er for å jobba, ikkje berre spela handball. Eg er 31 år og kjem kanskje til å halde fram med handball i nokre år til, seier Mudronja. Perazic er 19 år gamal.

Dei to har begge gode CV-ar. Førstnemnde har spelt i elitedivisjonen i både Serbia og Kroatia, medan sistnemnde har vore innom juniorlandslaga i Montenegro.

Forskjell på haldningar

Forskjellen er difor merkverdig på nivået dei no skal spela på sjølv om dei ser at det er mange gode spelarar i 2. divisjon i Noreg. 

– Det er tilnærminga og haldningane som er problemet. Viss alle trenar og blir betre, så blir ligaen betre. Eg har lært frå eg var ung at eg er først og fremst ein utøvar. Det er talentfulle jenter her i divisjonen, men det er ulike tilnærmingar til treningar og alt rundt, sier Mudronja.

Med to så gode spelarar er det uansett ingen tvil om at dei vil forsterka laget.

– Me skal hjelpa til. Når me er på bana skal me hjelpa til og spela så mykje me kan. Eg kan ikkje seia noko spesifikt for det må dykk sjå bana. Mindre prat, meir handlingar, smiler ho. 

Redd for eit avslag

Men ho innrømmer at ho er redd for å få eit avslag.

– Eg prøver ikkje å tenkja så mykje på det. Eg er positiv, men eg er redd. Fredagane er så vanskelege. Eg har ikkje nokon plan for eit avslag.

– Eg berre fokuserer på treningane, held meg rolig og ventar.

Det gjer nok heile bygda med ho.

Til toppen