Lærdal/Årdal/Aurland: – Det er ekstremt alvorleg. Desse inntektene er umogleg å føreseia. Me justerte først ned frå sytten til femten millionar kroner i inntekt frå eigedomsskatt for kraftverk. Så når denne meldinga no kjem om 6,6 millionar kroner mindre enn desse femten har me eigentleg gått 8,6 millionar koner ned, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.
Låge kraftprisar gjev dårlegare inntening og set ned verdien på kraftverka. Såleis må kraftverka betala mindre i eigedomsskatt til kommunane dei er plasserte i.
Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt
Denne meldinga har Lærdal kommune fått frå sentralskattekontoret tre år på rad. Først gjekk inngangen for eigedomsskatt på kraftverka ned med tre millionar kroner i 2014. Så seks millionar kroner i 2015 og no altså 6,6 millionar kroner i år.
– Når desse tala kom i fjor vart dei også slik. Dette er pengar som blir brukte på drift, seier Solheim.
– Ekstra utfordring
Ordførarkollega på andre sida av fjellet, Arild Ingar Lægreid, har fått beskjed om at Årdal har 2,7 millionar kroner mindre å rutta med når dei no skal sy saman 2017-budsjettet.
– Det blir ei ekstra utfordring å få budsjettet i balanse. Dette har vore stabile inntekter kvart år, og kva som eigentleg gjer at dei går ned veit eg ikkje.
– Kva konsekvensar får det?
– Det veit eg ikkje enno. Me har ein jobb å gjera politisk og administrativt for å få lagt eit budsjett. Og det blir ikkje enklare enn kva det har vore til no.
Artikkelen held fram under biletet

For Lærdal sitt vedkomande har altså desse inntektene vore ustabile i tre år. Kommunen har bede om juridisk bistand frå Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK) for å sjå på korleis skattegrunnlaget blir utrekna.
Førespurnad er sendt om innsyn i grunnlaget Sentralskattekontoret nyttar, men svar har ikkje kome trass i at det vart lova tidleg i 2016. Saka er også meldt inn for rettssystemet.
Veit ikkje konsekvensane
Lærdalsordførar Solheim veit ikkje kva konkrete konsekvensar den dramatiske nedgangen i inntekter kjem til å få.
– Me må prøva å få eit budsjett i balanse no, og har tida fram til 3.november på det. Det er ikkje god tid.
– Kan det til dømes bli aktuelt å innføra eigedomsskatt for folk flest?
– Det har eg ikkje rukke å tenkt på. Men dette er ein svært usosial skatt og på ingen måte salsfremjande i høve å få tilflyttarar.
– Byrjar Robek-spøkjelset å gjera seg gjeldande?
– Ingen ønskjer å vera Robek-kommune, så me vil gjera det me kan for å unngå det.
Aurland kommune får ti millionar kroner mindre i eigedomsskatt frå kraftverka enn dei 55 millionane dei hadde budsjettert med.